ta rennfart

 

Når du føler deg som ein sprengt torsk eller hyse
Ja, det er eit uttrykk for ein følelse som du ikkje veit om er korrekt,
dĂĄ du ikkje har vore korkje sprengt torsk eller sprengt hyse
Men det er noko som heiter det, har du høyrd,
og følelsen er der i allefall
Magen herkjer
Er det hamstring på gong – lagring for dårlegare tide?
Nei so pokker heller om du vil være med på det!
Her mĂĄ det kraftige saker til!
Berre litt rein mjølk, gjer susen
Ta rennfart om du rekk før det går i ……

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

av og til

 

av og til er man bare litt slik like til
av og til ligger tĂĄrene ytters pĂĄ kanten
av og til gir man nesten litt opp
av og til er det bare tungt ĂĄ puste
av og til kjennes det meste tungt
av og til er det bare ingenting
av og til ligger smilet pĂĄ lur
av og til sitter latteren veldig løst
av og til ligger du rett ut
av og til roper du høyt
av og til
andre tider er det alt

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
2. mars 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

flagrar i vinden

 

 

Draumen svevar i universet, og du er midt i den
Hendingane skjer pĂĄ rekke og rad
Langbord i festlig lokale
Jubileum sikkert…selskap i allefall – noko blir feira
Frå rein glamour med venninner og andre,  til møkkete føter i eit leigd hus
Personar du alltid har hatt ein relasjon til, kjem sigande inn i bilete
Dei nære og dei meir fjærne
Tilbake i fortida, andlet klare som dagen
Latter, prat og høg musikk, det klirrar i glas
Som om det var akkurat her og no

Det føltes så verkeleg ut, og det var det, i draume
Fint selskap, fine kle, frå skuletid ut frå andlet å døme
Nokon for galant ut døra – skulle til utlandet
Litt kjendis kanskje, med glitter og stas
wow for eit antrekk av svart og gull – ho stod der brått med eit glas som var fullt
Ja brått har eg vorte dame med figur, seier ho – og vi skal også til utlandet no
Du må byrja trene, tenkjer du om deg sjølv
Så flagrar dei to ut døra, på veg mot utlandets draumar med gulltopp og svart bekledning
Ser etter dei med langt blikk
Blir stjerner dei, tenkjer du

Står brått med dei svarte føtene utfor huset med stillas rundt
Vanskeleg ĂĄ finne stien ned bakken i labyrinten
Du er i eit soverom du har overnatta i mong ein gong, som gjest, og smilar
Kjenner deg igjen her ja
Kjente mennesker er innom soverom, gang og kjøken
Det er fullt av mennesker – som det var den gongen også
Du fĂĄr ein klem, den er viktig, det er frĂĄ den gong dĂĄ, men allikevel inn i dagen i dag
Den varmar – og du kjenner vemodet av eit vennskap som flagrar i vinden
Sakte daler draumen, og det blir uklart
Den nye dagen sig pĂĄ

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

dooot doooot

 

det ringer
ukjent nummer
skal eg svare
eg svarar
hallo
heilt stille
feil nummer, høyrer eg stemma seie
dooot   doooot
melding pĂĄ telefonen
beklagar, ringte feil
og eg fĂĄr flashback
det er inga elv som brusar
inga bølge som slår inn
men eit skvulp og ein blafrande følelse
var det….
eg veit ikkje
men følelsen var litt rar
tanken slepp ikkje heilt taket
fortida skvulpa innom berre litt
og sjøskummet bobla litt og la igjen eit vagt smil

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
mars 2024

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

strĂĄet

 

Eit strĂĄ vaiar i vinden
frĂĄ side til side,
ganske sĂĄ flott
Nesten sĂĄ det kitlar litt, der det gyngar
Det er lengst av alle, og ragar høgt
Pass deg då, ropar dei andre, vi vil også være der oppe som du
Men strået høyrer ikkje, det ragar for høgt
Ser ned pĂĄ dei andre og solar seg i glansen
Åh så herlig, tenkjer strået og lyftar toppen endå litt høgare

Med eitt kjenner strået eit lite søkk, ei smerte jagar opp mot toppen
Ei lita barnestemme ropar fornøgd, sjå på alle stråa eg har samla her
StrĂĄet er revet opp med rot, og trykt saman med alskens andre lange strĂĄ
Kva er det som skjer, eg vil stĂĄ i vinden, kom og hjelp meg, dokke smĂĄ

Dei strekkjer hals dei smĂĄe strĂĄa,
og eit lettans sukk gĂĄr igjennom mengda
Dei slapp visst unna,
og fĂĄr stĂĄ i fred,
og at strået ropte, var det ingen som høyrde
Så veks dei godt dei andre små, med betre plass enn dei hadde før
Og det lange strĂĄet, om du lurer pĂĄ,
i ein grøftekant ikkje langt i frå

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 


#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

 

 

tenke

 

 

tenke tenke tenke
skapertrangen
for noe
gĂĄ inn i en boble og skape noe personlig
kommer ut i form og farge
kanskje som ord
liker du det
er det bra nok
tenke tenke tenke
kunstnersinn

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

spegelen

 

 

I eit brøkdel av eit sekund, har du tenkt det
For du ser det
Men det som er,
er det berre du som ser det eller ser alle andre det ogsĂĄ
Søren…
Er du blind for deg sjølv i den forstand at du er din største kritikar,
og rettare sagt;
du er ikkje blind for deg sjølv,
men har gluggar større enn størst og ser all verdens detaljar
Er det berre du som er skapt slik – eller kan du nikke og tenkje; ja du kan så seie,
det er bra gale
Og andre ser ikkje det DU ser i det heile tatt
Ă…h nei, kan dei seie, du mĂĄ ikkje nevne det ein gong, ser ikkje noko
Er andre då lystløgnara
Ja slik kan ein undre og vri seg i tonkar og verte nedstemt av heile greia
Men det heile er spegelen sin feil!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

du ville ikkje

 

 

://:
Du ville ikkje tru det, om eg fortalte deg
Du ville ikkje forstĂĄ det, om eg sa det
Du ville ikkje noko anna enn lytte, riste pĂĄ haude og tenkje ditt
Du ville tru eg var gal og fortalte deg eit eventyr
Du ville ikkje tru det, det var som ein smale film
://:

 

Det ligg ei sorg som glimtvis kjem
Ei sorg, uforklarlig men ogsĂĄ kjent
Eit anna liv, ei anna tid
Det var fullt av latter, blanda med tildekt frykt

Om du trur det, spelar vel inga rolle
Det sit i nervar i heile kroppen
Noko som var og noko som skjedde
Ufatteleg kva du gjekk med pĂĄ,
og kanskje vil du at du faktisk skal tru det

At det ikkje skulle være slik, visste du vel
Men kva var rett og kva var gale
Kva var etisk og kva var moralskt
Du visste betre men lot det stĂĄ til
Trakk deg unna når det var som værst

Som i ein film, alt som skjedde
Det skulle vore filma ja, gudane veit
Du segla i full fart pĂĄ ope hav, stille og vakkert og stormfullt og vondt
Men det var din kamp ĂĄ roe ned, sjĂĄ til at alle hadde det bra
Bak kulissane, ingen sĂĄg
Maskeradeball, glitter og stas

Du høyrde på, for lenge sidan
Ă… ĂĄpne opp var som eit sirkus-show
Ei historie som i ein film
Du sa det ærligt, med store auge,
og du tenkte,
vĂ r det berre ein fantasi det heile

Kanskje var det fantasi og film
Ei skarp novelle frĂĄ Oslo by
Der natta skjulte det som skjedde,
og ikkje alt hadde tĂĄlt dagens lys
Du veit, for du hadde hovedrolla

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

mislykka prosjekt

 

 

Det er godt ĂĄ setje ord pĂĄ det
Det som av og til, sjeldnare og sjeldnare, sig innpĂĄ
Det er godt ĂĄ skrive det ned og fĂĄ det ut av tonkane
Sjølv om det ikkje forsvinn
Det legg seg i barken, lengre og lengre bak
Men av og til kjem det fram
Redsla du kjente, angsten du sleit med, og mindreverdigheitsfølelsen
Alt som trekkjer deg ned, har vorte mindre
Det er mykje sĂĄrheita som ligg der, for det som ein gong var
Som ikkje gjekk ĂĄ fiksast
Eit mislykka prosjekt pĂĄ monge mĂĄtar
Ein kan kalle det det, mislykka prosjekt
Men noko godt kom ut av det
Ă… stĂĄ pĂĄ eigne bein, utan ĂĄ forsvinne inn i eit skal
Det legg seg i barken, og er ikkje sĂĄ sterkt lengre

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

i ein psykopats grep

 

 

I psykopatens grep
PĂĄ tĂĄhev
Smellen nĂĄr du minst ventar det
Lykka som varar eit stakke sekund,
gong etter gong
Ein leik som katt og mus…

Når du gløymer deg og senkar skuldrane
Du skulle ikkje gjort det, senke skuldrane
Ă… vege ord pĂĄ gullvekt,
og orda ikkje er verdt sin vekt i gull
Mistenkeligheita som gjennomsyrar tid
Sa du noko gale, usikkerheita og anspentheita

Misforstod han, misforstod du, misforstod dei
Utad verdensmeister, pĂĄ heimebane sykeleg sjalu
Og du visste ikkje om det, dĂĄ du tok steget
Du visste ikkje noko, før du var fanga
Du visste ikkje noko, før det var for seint

Manipulerande sa nokon, alt for seint
du er ikkje verdt noko
du klarar deg ikkje sjølv
du blir overvĂĄka utan ĂĄ vite det
Då du var nedbroten,  tilintetgjort, og ikkje såg din eigen skygge, då kom styrken
Styrken du visste du hadde, men som hadde vorte lagt til side, av redsle

Du mĂĄtte
Og du klarte det
I ein psykopats grep, utan å ane det, før det var for seint
I sakte film…
Angsten gjekk saktare…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
februar 2024

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord