kvardagen

 

NĂĄr kvardagen brĂĄtt er tilbake,
og du ikkje merkar noka forskjel.
Like stilt,
og det regnar fortsatt.
Ein stol pĂĄ verandaen er velta.
Den har ikkje vore velta
for heile vinteren.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#minedikt #kvardagen #eitdiktomdagen #tankarblirtilord #detregnarfortsatt

det spørs kva..

 

 

Om eg får meir enn det eg hadde frå før,
sĂĄ vil eg ikkje ha det.
Men det spørs kva det er då……

 

Mette Josteindatter Kvalsvik

 

 

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #dikt #tankar #etdiktomdagen

alltid

 

Ho er der alltid.
Ja, det tenkjer du, at ho er der alltid.
Og det er ho,
og har alltid vore.
Alltid klar med ei hjelpande hand.
Alltid der med sitt milde vesen.
Alltid mor.
Alltid omsorg.
Alltid kjærleik.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

 

#alltid  #omsorg #kjærleik #mildevesen #hjelpandehand #repost #minedikt #etdiktomdagen #repostminedikt

bak skyene

 

Bak skyene er det alltid blĂĄtt.
BlĂĄ himmel sĂĄ langt auge kan sjĂĄ.
I eit lite glimt der skyene ĂĄpnar seg,
kjem sola fram og lyser opp.
Skyene siglar avgĂĄrde, ĂĄpnar seg, lukker seg.
Glimt av det herlege blĂĄ.
Du ser lyset av sola og kjenner varmen den gir.
Bak skyene, alltid blĂĄtt.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

 

 

#bakskyene #blĂĄhimmel #repostminedikt #minedikt #etdiktomdagen #repost #skyene #blĂĄhimmelsĂĄlangtaugekansjĂĄ

#minebilder #bilderpĂĄblogg #fotoglede #foto #hobbyfotograf

turbulent og hand i hand

 

 

“Man lærer så lenge man lever”.
Og det er noko i det.
Sjølv om du  er midt i livet, lærer du.
Lærer til stadigheit av dine feil og erfaringar, og av dine valg.
Positivt og negativt, hand i hand.
Stabilt ei god stund, humpete og svingete, med motvind som blĂĄser deg over ende, nesten.
Men du klamrar deg fast og rettar deg opp etter turbulente og tunge tak.

 

Det er vel slik dette livet, ikkje enkelt, litt strabasiøst, ei glede og ei lykke, ei sorg i det stille.
Der du plukkar opp og limar saman, finner brikkar som passar godt.
Ryddar opp i feil og manglar, retter ut ein krokete veg.
Ikkje alltid passar brikkane inn, legger til side og lar dei vente.
SĂĄ ein dag er det akkurat den, brikken som har ligget der pĂĄ sida og venta.
Det var den sin tur, no passa den inn.
Er det ikkje rart korleis ting plutselig faller slik pĂĄ plass?

 

Akseptere, resepktere, være audmjuk og være stolt.
Sjå på moglegheitar, sjølv i verste motgangs veg.
Dette livet, denne læra, desse oppturar og nåkre nedturar.
Livets lære i ein neve, kaste terning, kaste loss.
Ă… ta sjansen pĂĄ dette livet, ĂĄ ta sjansen pĂĄ her og no.
Ja, man lærer og man lever, det å våge, settes fri.
Livets lære, i ein neve, åpne opp og kaste loss.
Eit puslespel med mange brikkar, og etter kvart so passar alle.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #puslespel #etdiktomdagen #kasteloss #dikt #tankarblirtilord #audmjuk #kasteterning #sjansen

ka det e?

 

 

Ă…h nei!
Ka det e?
Ka det è?
Ein haug med kle!

 

Ă…hja, ka med det?
Ka med dèt?
Ja, kar skal dei ellers ligge?

 

Nei, sei det du.
For kven er det som mĂĄ flytte dei?
Kven ordnar opp?

 

Inn i vaskemaskina.
Ta dei ut og henge opp, ta av snora og legge i hop.
Ă…h nei, ka det e?
Ein haug med kle.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

#aunhaugmedkle #ĂĄhnei #kadete? #minedikt #repostminedikt #etdiktomdagen #repost

fred

 

 

Media informerar.
Krig, drap, naturkatastrofer, flyktningar og nød.
Du fĂĄr det inn uansett kvar du vender deg.
Sit der hjelpelaus og ser pĂĄ alt det forferdelige i verda.
Kvifor skjer alt dette?
Du fĂĄr ikkje svar.
Menneske vil ha makt og rĂĄderett.
Eige.

 

Du drøymer om fred på jorda.
Du har vakse opp med hĂĄpet om fred, men ser ingen ende pĂĄ elendigheit.
Vår jord fløymar over av katastrofer og ondskap.

 

Vår jord – så fantastisk!
Vår jord – vårt fødested.
Vår jord – den runde kula.
Vår jord – ei lita perle.

 

Vi mĂĄ ikkje miste hĂĄpet.
Kanskje ein dag vil alt bli bra.
Kanskje ein dag kan vi leve i lag.
Kanskje ein dag…….

 

Du har èit liv – fødd her på denne jorda.
Det rasar rundt deg og du strekkjer fram ei hand for ĂĄ hjelpe.
Ein dag møtast hender, og lyfter jorda saman, for fred.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

 

#minedikt #repost #etdiktomdagen #repostminedikt #vĂĄrjord #fred #hender

ein to ein to……

 

 

Han lukkar augene og trampar takta.
Ein, to, ein, to…. marsjerar.
Dei småe føtene i takt med musikken

 

Han høyrer flipp, flapp, flipp flapp, og kikar opp.
Heile bygda i raudt, kvitt og blĂĄtt.
Det norske flagget vaiar og slĂĄr i vinden.

 

Norges flagg.
Han kjenner stoltheita svulmar i hjarte.
Over dette frie landet han har vekse opp i.

 

Han ĂĄpnar augene og lyttar.
Korpsmusikk og flipp, flapp.
17.Mai-toget marsjerar forbi.

 

Han kjenner slik takksemd for enda eit ĂĄr i eit fritt Norge.
Augene glir igjen.
Småe føter marsjerar i takt.
Flipp, flapp, flipp, flapp.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

 

#17mai #gratulerermeddagen #grunnlovsdagen #17maiervisĂĄgladi #hipphipphurra #norgesflagg #gratulerer #repostminedikt #minedikt #etdiktomdagen #repost

grav deg ned

 

Vinduet er på gløtt – for et kaldt soverom er godt å ha.
Våkner litt ut på natta av at følelsen av snø i nakken er der….
Det blåser og du hører det klasker mot vinduet……..
Den følelsen av at snø nesten sniker seg inn mellom vinduet var der, men drar dyna over hodet og sovner igjen.
Våkner opp lørdag 16. mai – ser ut i snøføyka – går på badet og skrur opp tempen på gulvvarmen.
Ser i speilet – og dagen har begynt.

 

Frukosten er klar.
Den gode tallerken med havregryn og den gode koppen med kaffe og en liten skvett melk.
Utsikt over bygda og øyane – gjennom et hav av snø og skyer som sigler forbi.
Ser for deg morgendagen – bunadskjorta er klar – sånn tålelig for en tur ut.
Blir det opplett?
Tenker med deg selv at; jaja ikke mye å gjøre med dette.
Hverken rope høyt eller grave seg ned.
Joda, det kan gjøres………..
Men like travelt begge deler.

 

Hold stand.
Hold deg rolig.
Det gĂĄr over.
Det er lovnad om bedre tider.
Hverken rop høyt eller grav deg ned.
Spar pĂĄ energien og la det gĂĄ sin gang.
Det blir opplett.
Naturen og universet må bare gjøre seg klar – røske ut de siste riene – etterslepa – og gjøre rent til neste sesong.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#etterslep #minedikt #riene #naturen #universet #rophøyt #detgårover #bedretider #etdiktomdagen

se opp

 

Latter
Befriande latter
Ansiktsgymnastikk og muskeltrening
Opp til fleire økter for dagen er anbefalt
Risikoen er sterkere muskler en gladere dag og kanskje et smil

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#minedikt #latter #seoppforgleden #muskeltrening #glede #ansiktsgymnastikk #etdiktomdagen #dikt #minebilder #tankerblirtilord