enten eller…

 

Ein bit eller tre…det er nok det..
Nei, heile greia pĂĄ ein to tre
Korkje meir eller mindre
Alt eller ingenting…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#einbitellertre #korkjemeirellermindre #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #dikt #altelleringenting

stillheita…

 

 

Ă… kjenne pĂĄ stillheita
Ikkje seie noko
Ikkje bli snakka til
Berre lytte
Kjenne korleis det er å være stille saman

 

Vrir du deg som ei mark, og kjenner ubehag
Er stillheita ein fiende
Eller kjenner du den er god ĂĄ ha, saman
Være stille saman
Utan at det følast kleint

 

Stillheita der ein kan høyre knappenåla falle til bakken
Stillheita, å ta og føle på
Halde pusten og krysse fingra for at den andre snart seier noko
Eller kanskje var det du som skulle kome med noko

 

 

Magen klarar ikkje halde pĂĄ same stillheita
Og utan forvarsel kan det kome lydar
NĂĄr ein minst ynskjer det kan det lukte ille
Det er vel då ein vrir seg som ei mark, og kjenner ubehag…

 

Eller kjenner du pĂĄ at det er heilt normalt
Det mest normale her i verden
Når magen seier ifrå…
Stillheita – når den blir brutt av noko uforventa

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #dikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #stillheit #stillesaman #fiende #knappenĂĄlafalle #uforventa #minebilder #foto

dette med ĂĄ komme seg ut…

 

Klepp tak i deg sjølv
ta deg sjølv i nakken
og kom deg ut
Det er vel ikkje akkurat dei orda ein treng å høyre
Men kanskje er det akkurat det
“Ta deg sjølv i nakken”
Det er DU som mĂĄ gjere det om du skal kome deg ut

 

Ut ĂĄ bevege kroppen
Ut ĂĄ kjenne pĂĄ lufta
fuglane som kvitrar
kjenne at føtene bærer deg
og at kroppen tĂĄler bevegelsen

 

Det er DU
og berre DU
men med litt motivasjon frå andre, kanskje…
Eller føler du på det evindelige maset
Ut på tur aldri sur…
Kva slag sprøyt er det?

 

Inspirere og motivere
kjenne gleda og friheita av dette med UTE
Lukte og sanse og kjenne vĂĄren klappe deg pĂĄ kinnet
Mestringa når du har slengt føtene høgt
og tilfredsheita siger inn
Du gjorde det!

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#dugjordedet #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #utpåturaldrisur #inspirere #motivere #mestring #bevegelse #vårfølelse #klappedegpåkinnet  #slengeføtenehøgt #ute

dedicat..

 

 

Det er minner, i de gamle ting.
Som henger der og slenger.
Selv om ingen de trenger.
Så gjør de ingenting.

Dedicat

 

Dikt som  kommentar til mitt innlegg/dikt  GAMLE TING

 

Tusen takk Dedicat – for dine herlige kommentarer – som av og til kommer i dikt og rim 🙂

 

 

#dikt #tankerblirtilord #gamleting

forfærdelse..

 

 

NĂĄr du vaknar frĂĄ mareritt
og trur du lever midt i det…
hjarte synker innover i kroppen
nesten bak i ryggmargen
og du orkar nesten ikkje lukke augene
For slik forfærdelse som har skjedd i fantasien
er det lenge sidan du har opplevd
Reine massakrane i nærområdet
Nesten ein kamp for tilværelsen
blant levande og døde

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #levandeogdøde #dikt #tankerblirtilord

lattermild…

 

 

Når du stoppar ved fotgjengarovergang, for ein liten syklist i rosa,  som står og ynskjer seg over vegen
Men motgåande trafikk  ikkje har oppdaga situasjonen..
Trur ikkje dei ser den rosa lisje syklisten… og gangfeltet..
Men i siste sekund ser bilisten – høgg i bremsa
Passasjeren som sit med en stor brun pappkopp, kanskje med varm  kaffe i handa…
fĂĄr kaffe over heile seg
Gapande munnar
og sjåføren blir så flau og lattermild
Ja.. den rosa lisje syklisten kom seg over vegen
og passasjeren i den motsatte bilen…
HĂĄper det ikkje var for gale..
Slikt som får fram smilet liksom…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #smilet #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord #motsattebilen #syklisten #gangfelt #kaffe

poenget…

 

 

NĂĄr ein skal fortelje noko
NĂĄr historia ligg der som eit gullegg-
og ein rotar det til med for lange forklaringar
om innhald og detaljar
Kva var poenget??
Poenget kom med eit svakt pust mot slutten
litt slik vinglete frĂĄ sidelinja
Det som var det artigaste
kom eigentleg ikkje med slik det skulle

 

Mette Josteinsdsatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #poenget #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord #forklaringar #artigaste #innhaldogdetaljar #frĂĄsidelinja

blytung..

 

 

Kroppen kjennes blytung
Alt er tungt
Tungt ĂĄ gĂĄ over gulvet
Plutselig var all energi som blåst…

 

 

Men det er ikkje tungt ĂĄ smile
Og det er ikkje tungt nĂĄr dei vakre fargane dukkar opp
Det er berre litt tungt akkurat no
Vårslappheita sneik seg på…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#vĂĄrslappheita #fargane #tungt #blytung #minedikt #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord

gamle ting..

 

 

Dei berre heng der..
Har hengt der så  lenge
Og du gĂĄr forbi dei kvar ein dag
Til stor irritasjon,
og andre tider ensar du dei ikkje
Gamle ting som henger og slenger
Det er så forskjellig som henger og slenger…
Og noko er i vegen og anna ikkje
Er vel berre ĂĄ fjerne dei dĂĄ,
dei gamle tinga?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#gamleting #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord #irritasjon #deigamletinga #deiberrehengder

gamle ..

 

 

Gamal og verdilaus..
Er det slik?
Du ser berre det ytre – og ikkje bak fasada
Verdilaus – ikkje noko å bruke tid på…
Gamal.. vi kjem der ein gong, alle som ein, om vi er heldige..
Ynskjer du ikkje bli gamal,,
Tenkjer du nokon gong pĂĄ at dei gamle har vore unge ogsĂĄ?
Gamle er også mennesker…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#gamal #verdilaus #bakfasada #gamleerogsĂĄmennesker #minedikt #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord