dag ut og dag inn…

 

 

Ikkje å kimse av,
dei vegane ein tråkkar dag ut og dag inn
Ein kan risikere værte
både sprek og sterk.
Og for ikkje å snakke;
lykkelig

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #lykkelig #etdiktomdagen #sprekogsterk #ikkjeåkimseav #tankarblirtilord #veganeeintråkkar #dikt

ei kåpe som varmar…

 

Ja, ein kjenner det på seg – at noko er i emning – noko held på å skje.
Kjenner det på gikta…
Ja, dei sa det når kroppen ynka seg, og det kvitna i fjellet,
og rima i vegkanten.
Naturen sine vakre drakter, og no er det ny kåpe på.
Ei kåpe som varmar og vernar, det er vinterkåpa ein snakkar om no.

 

Haustlauvet har falt, stille no mot slutten.
Eit teppe på bakken, eit vindpust stryker over.
Lauvet, er det di nye vinterkåpe?
Vinterkåpa, og ein kjenner det på gikta…

 

Lauvet og kåpa – årstidene og tida – rundt og rundt med vinden det fyk.
Når kåpa er sliten og faller til bakken,
då er det sola som igjen varmar opp.
Då brytast lauvet som låg der så godt.
Grønt kjem til syne, vårkåpa er klar og gikta berre forsvant?

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

Eit dikt som kom til ut av eit svar på innlegg til bloggeren DEDICAT for kanskje eit år sida?

 

 

#vinterkåpa #minedikt #vårkåpa #etdtiktomdagen #dikt #tankarblirtilord #kjennerdetpågikta #gikta #årstidene #naturensinevakredrakter

fyre med ved…

 

Når det er så kaldt at ein må starte dagen med å fyre med ved.
Ikkje det at det er så galt med det… for vedfyring er den beste varmen.
Og koselig er det også.

 

 

 

Prøve å få varme i kroppen.
Ein kropp som gråter innvendig.
Usynlig gråt…

 

 

Enten litt eller mykje…
Kvar går grensen for kva som er lite og mykje i ein kronisk kropp…
Det er vel kva ein tåler da..
Og kva er lite og mykje der…
I og med den kroniske smerta er der heile tida.
Denne gnagande og intense smerta.
Berre det at den har funnet nye vegar.
Vegar som ikkje har vore i bruk på mange år..
Og så hugsar du det plutselig.
Den gangen dei vegane var i bruk – smertefulle som fy
Dei vegane er no i bruk igjen – og dei er like smertefulle.
Så tenkjer du; var det så ille sist..

 

 

Kvar går grensa for kva som er ille og værre enn værst.
Tannverken som herjar frå hofta og forbi kneet og rett ned i fotbladet
Smerta som gnagar over korsryggen og over i andre hofta
Nakken, hodepina, smerte i hender….
Ja smerte over alt!
Kroniske smerter fordi ein er revmatisk

 

 

Og så blir ein så sliten..

 

 

Det er kaldt ute – og sjølv om du går med hodet høgt, gråter kroppen på innsida.
Det er berre ikkje synleg.
Tårene synes ikkje
Usynlege
Smertene synes ikkje, for du holder maska
Gråten og smerta er i overkant sterke, så stilnar det litt
Ting roar seg…

 

 

Fyre med ved – varme dei stive ledda og dei såre musklane
Hjelper det?
Det blir iallefall varmt..

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#fyremedved #kroniskesmerter #hjelperdet #revmatisme #fibromyalgi #usynlegsmerte #usynleg

nei, gi deg…

 

For gamal..
Vippa over ei usynleg grense
ein ikkje visste fantes..
Brått litt slik ikkje å regne med?
Nei, gi deg!
Kva er gamal?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#tankarblirtilord #kvaergamal #dikt #minedikt #etdiktomdagen

kven krisemaksimerar?

 

Kva om bilene ikkje startar..
Kva om kaffetraktaren står på..
Kva om eg punkterar..
Kva om noko skjer…
Kva om eg ikkje klarar det..
Kva om ingen ser meg..
Kva var det eg gløymde..
Kva om?!
Kven krisemaksimerar?

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#kvenkrisemaksimerar #kven #krise #kvaom

einig med meg sjølv..

 

 

Eg er ofte einig med meg sjølv
Tankar i hodet, for og imot,
nikkar og tek ei avgjersle
Andre gongar, ristar på hodet og tvilar,
Greit å være einig med seg sjølv i blant

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #blogg #tankarblirtilord #dikt #einigmedsegsjølv #avgjersle #tvilar

så mangt..

 

 

Inspirasjon
kan
føre
til

mangt.
DU
inspirerte,
og
se
nå!
Det
er
lov
å
forandre
mening….

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #blogg #tankerblirtilord #forandremening #deterlov #inspirasjon

sola har snudd..

 

 

 

Passert…
Sola har snudd og dagane har passert
uten at eg eigentleg har tenkt over det
For det var ikkje det som var viktig
at sola har snudd
Det som er viktig er at du fortsatt er med

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #passert #solaharsnudd #etdiktomdagen #tankarblirtilord #dikt #daganeharpassert  #sola

litt slik utenpå…

 

 

 

Følelsene kommer, om man vil eller ei…
Noen rakk ikke denne julafta
Men var det så viktig å rekke den?
Var nok bedre å få slippe…
Følelsene ligger litt slik utenpå..
Det er så trist å miste noen
Og så trist for de som mister
Aldri mer
Aldri mer duften eller smilet eller de gode hendene
Og vi sier hele tiden; dette er livet
Dette er livet til det ikke er liv igjen
Og følelsene sitter litt slik utenpå

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #detteerlivet #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord #aldrimer #godehendene #smilet #følelsenesitterlittslikutenpå

ei lita fjøyr…

 

 

 

Nokon har nett slutta å puste
Nokon har nett slutta å leve
alt for tidleg rett og slett
Det er slik at av og til veit ein på førehand
at nokon skal forlate jordas overflate
andre tider heilt uforberedt
Men kven er vel eigentleg forberedt på noko slikt?
Berre engelen
Stille heng den der, engelen,
berre den og eit siste pust
Alt stille,
og ei lita fjøyr hvirvlar opp,
høgt opp,
og berre forsvinn

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#nokonharsluttaåpuste #altstille #engelen #eifjøyr #uforberedt #stillehengdender #eitsistepust #minedikt #tankarblirtilord #etdiktomdagen #dikt