endring..

 

 

Du møter blikket ditt i speilet og snur deg bort

Det du ser …

Er det deg?

Litt ukjente og uønskede linjer kommer til syne

Men det er deg

Utgaven av deg er i stadig endring

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
28.06.22

 

 

#iendring #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

vi skal…

 

 

Vi skal makte sĂĄ mykje

Men stoppar det opp mĂĄ ein slakke pĂĄ krava

Roe ned og lade opp

Vi maktar sĂĄ mykje men begrensningar sig pĂĄ

Lytte til kroppen og haude har aldri vore feil

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.07.22

 

#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen

ligg til langt pĂĄ dag…

 

Nokon søv lite og andre mykje
Nokon er tidleg vakne mens andre ligg til langt pĂĄ dag
Nokon stĂĄr opp tidleg mens andre stĂĄr opp seinare
Det er slik – nokon vil ha med seg alt mens andre slappar av og tek det som det kjem
Nokon, det er sĂĄ ymse

 

Det å ligge til langt på dag, det høyrde ungdomen til det….
Trudde eg…
At vaksne sov lite – eller kanskje sov middag og slikt
Og det gjer dei – dei vaksne – søv middag – men det gjer no dei unge og enda yngre også – søv middag….
Søv vi like mykje då kanskje

 

Men det spelar inga rolle
Nokon er alltid tidleg oppe og andre igjen tidleg i seng
Nokon søv lenge og legg seg ikkje før etter midnatt
Berre vi får søvn…  nok søvn – så får det berre være…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
29.06.22

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #noksøvn

sukk…

 

Eit sukk, stønn, ein gjesp – langt eller kort
Du høyrer den og tenkjer at no er hen lei
Eller er hen trist eller er det noko tungt arbeid
Noko er det som får fram desse lydane – sukk, stønn, gjesp
Trøyt av dagen eller tidleg morgon og det kjem både sukk og stønn og gjesp
Eller alle desse lydane av rein begeistring?
Det er ikkje berre negativt lada – det har noko med lyden, når det kjem ein gjesp eller eit sukk eller eit stønn…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #sukk #stønn #gjesp

bagatellar..

 

Store som tårn og dei høgste fjelltoppar
Bagatellar
Vekser seg over dei høgaste brear
Ein bitteliten bagatell eter seg innover og oppover til alt er dekka av svart klister
Ein stampar og stampar og prøvar det beste
men kjem seg ikkje av flekken
Vaglar ytterst pĂĄ kanten
Bagatellar
Burde vorte fjerna
Skulle ikkje vore lov ĂĄ la dei snike seg rundt og stjele utsikta mot alt det vakre

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
28.07.22

 

 


#bagatellar #snikesegrundt #minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen

kvifor..

 

Kvifor er ting sĂĄ vanskelig av og til

Vanskelig ĂĄ seie takk og vanskelig ĂĄ seie unnskyld

Vanskelig ĂĄ godta og vanskelig ĂĄ oversjĂĄ

Rett og slett vanskelig

Det er ofte lettare å være vanskelig enn å ikkje være vanskelig

Eller ikkje… vanskelig å seie

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.08.22

 

#vanskelig #tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen

ondskapsfull

 

 

 

Stillheita er ikkje god

Eller, jau, det spørs kva stillheit det er

Den gode ĂĄleine og isaman

Eller der du stengjer ute ein eller fleire for å være ondskapsfull

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen #stillheita

svi..

 

 

 

Ord og stillheit

Som piskeslag eller smĂĄ drypp

Borar seg langt inn i sjela

 

Kva har du sagt eller gjort for ĂĄ fortjene

Eit blikk seier sitt…

Ord, stillheit og blikk…

 

Sterke krefter,

og tek du kroppsspråket i same slengen…

Då har du det…

Det kan svi eller gi tusen roser

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#tankerblirtilord #minedikt #stillheit #blikk #Ord #etdiktomdagen

vemod

 

Det går eit søkk gjennom hjarte..
gjennom kroppen
Ei bølge av vemod
Vil sĂĄ mykje meir men sit litt fastlĂĄst
Det er sĂĄ mykje ugjort som treng ungdomens iver og styrke for ĂĄ hoppe ut i
Det er så mykje…
Har gjort så mykje – eit søkk av vemod men også av takksemd
Har vore der – og er her no
No er det andre sin tur

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 


#tankerblirtilord #minedikt #etdiktomdagen #detersĂĄmykje

salt og pepper..

 

 

Å mene noe om noe, det kan være farlig det
VĂĄre meninger er salt og pepper
Sure og søte – chilli og all verdens krydderier
Ă… mene noe
Tørre å stikke hodet ut, og risikoen for å bli slaktet
Å mene noe – vi kan det i allefall –

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

Inspirert av bloggeren HEIDISVERDEN

#ĂĄmenenoe #minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord