Korleis har året
2017
vore?
Med alt på godt og vondt…………..
For det er både gode og vonde stunder for alle og ein kvar, det trur eg vi kan være einige om.
Tilbakeblikk er morosamt, for det meste.
Kva skjedde dette året?
For det har gått sabla fort dette året, 2017.
Iallefall synes eg det.
Året 2017 starta med ein tur til Runde
og om du klikkar på bildet under,
kjem du til årets første tur
Så kom denne frøkna til kvalsvika.
Nytt familiemedlem 🙂
Og da har eg hendene fulle, med opplæring av kvalp.
Men det går fint sjølv om det er veldig travelt i denne perioden.
Hunden Leia skal først av alt lære seg å bli husrein.
Og sakte men sikkert går det seg til både med husreinheit og å være aleine heime.
Det er
februar
og ein dag i februar kunne være slik som på bildet under om du klikker på det.
Og sånn går no dagane sakte men sikkert mot våren.
Det er sommar!
Alle og ein kvar slit med sine ting men gleda over dagen må ein ikkje gløyme uansett.
Dagen kjem og fer like fort, og av og til merkar ein det ikkje, før dagen er vekk.
Juli
Og gode venninner er på tur og på bildet under blir du med på turen.
Gode minner og dei er gode å plukke fram året rundt 🙂
Nåkre tura blir til mens man er på veg.
Sjølv om eg er glad i å planlegge – så kan eg slå til og ta ting på sparket også.
Og denne dagen i
August
vart ein slik tur til.
Og denne turen (om du klikkar på bildet) var så flott, at den vil eg gå på nytt i 2018,
starte tidleg morgon og gå heile vegen ned til FLO.
Men kanskje ikkje berre eg og hunden neste tur 🙂
Så kom
September
med mor og datter-turen.
Gode minner.
Men mykje skjer imylla linjene med oss alle.
Slik er det her i verden.
Ein behøver ikkje strø glitter på alt heller, for ikkje alt som glimrar er av gull.
Året har mange dagar og vi vil no at alt skal være godt, men nyheiter fortel om så mykje meir.
Triste ting.
Tragedier.
Godt da, å ha familie, gode venner og trygge rammer.
Kjærlighet.
Oktober
er her
og bobiltreff i kvalsvika
om du klikkar på bildet under 🙂
Og sånn går no dagane 🙂
November
går og så er det
desember
og adventstid.
Og en milepæl i livet for meg.
Ja det er jo det når man er halvt til hundre.
Så om du klikkar på bildet over, ser du kva som skjedde denne dagen 🙂
Ventetida er over og jula kom.
Jula er feira og nyttåret bankar på døra.
Dagen i dag er den siste i år, i morga ein ny dag og eit nytt år vil starte.
Mykje har skjedd og mykje vil skje.
Små minner er tatt fram og mange fleire ligg lunt og tatt vare på.
Eg gleder meg over dagane og alle som set farge på livet mitt.
Dokke er alle umistelege.
Familie – venner – kollegaer og andre.
Viktige i kvardagen.
Eg er heldig.
Har familie som vokser til.
Nye mennesker kjem inn i familia med gode verdier.
Godgutane mine med kjærestar <3
Ja, ikkje anna å vente eg er stolt.
Eg gleder meg!
Og eg gleder meg til det nye året, 2018.
Tusen takk alle!
Året er enno ikkje omme men det går å takke for det som har vore, no på oppløpssida.
GODT NYTTÅR!!!
#året2017 #tilbakeblikk #happynewyear #blogg #deember #sistedagenidesember #godtnyttår