Satsar på å nå toppen mellom bygene…….sjøl om det ikkje er så nøye om vi møter regn.
Det er ikkje mange pluss-gradane ute, men…… stillongs i slutten på mai har vel vore brukt før…
Det er iallefall flott ute – og lyset er fantastisk.
Regnet kom – ikkje så voldsomt – mens vi var på Hornseten.
Men det gjorde som sagt ingenting – berre å drage hetta over haudet.
Og det letta like fort…………..
I dag gjekk eg motsatt av det eg brukar. Så no er det NED monsterbakken 🙂
Men fyrst forbi gapahuken og slikt
Og eg ser motiv over alt 😀
Pluss at hunden har blitt reine fotomodellen!
Sjølv om akkurat DET ikkje var noko nyhende for dagen akkurat 🙂
Leia stiller stadig opp for fotografen – og forstår godt kva ho skal gjere – som regel 😀
Når ein går NED monsterbakken – ja då får ein gå OPP ein annan bakke – og det blei oppe ved Borga, på tilbakevegen.
Og den er jammen meg like bratt den som monsterbakken !
Ein får iallefall opp pulsen om ein vil! SUPERHERLEG RETT OG SLETT!
Og sjå her då……..
Det må vel være sopp på desse blada? Uff…. syntes plutselig ikkje det var så morsomt – sjølv om eg fyrst syntes det var så artig farge.
God trim vart det iallefall!
Og har såtte og tenkt på kva den heite dinne helligdagen, utan å slå det opp, men kjem berre på det eg veit monge kallar den; “himmelspretten” – men ærligtalt så veit no eg kva dagen heiter når eg får tenkt meg om; “kristi himelfartsdag” men det sat longt inne å kome på det akkurat no. Helligdag eller ikkje….. monge er på jobb uansett. Fekk telefon fra yngste som bur i Oslo, og han hadde iallefall ikkje fri, og ikkje hadde kjæresten hans det heller…….. Nei, søndag for monge, men åpne butikka og eigentleg alt som vanleg, nesten.
Ja, ditte vart ein heil digresjon det, i forhold til turen – men slik er det 🙂
Det vart iallefall ein start på #titusenskritt ein torsdag formiddag.
Og i lag med ledar for Herøy revmatikarlag, Mona Høybakk Voldsund, trossa vi kulde og regn ein av disse siste dagane i mai, og tok motbakken på strak arm.
Og for å gjere ein vri på turen, skulle vi møtast ved kulturhuset og gå “monsterbakken” opp – og vidare over og ned ved Borga og tilbake til utgangspunktet. Med ein fotoshoot i gapahuken 🙂
Spreke damer på tur! Kanskje er det mannfolk også som vil være med på turane framover? Dokke er iallefall hjartans velkomne 😀
Smilande og blide tok damene fatt på “monsterbakken” – og der var også nokon som IKKJE hadde gått opp denne bakken før, men NED, så det vart ein ny opplevelse.
Godt kledde og skodde og sjølvsagt med ein paraply for hand. Paraplyar er ei fargeglede i seg sjølv!
Her var det ledaren, Mona, som måtte ta bilde av oss 🙂
Vi må alltid prøve å få eit felles bilde av alle, og det vart tatt i gapahuken denne gongen. #selfie
Og alle var einige i at det var ein flott tur, sjølv om det regna og var kaldt.
Det fyrste skrittet er å kome seg ut av godstolen, uansett vær og vind, og når ein har klart det, er mykje gjort.