Ein fin dag i Kvalsvika
På tur til Marita, hunden ho passer akkurat no, og huset
Og ved huset – der mi bestemor hadde sin barndom og oppvekst – stuper eg ned i ei kløvereng eller meir ei tue da – men du verden så vakkert!
Firkløver-tue!
Her var det firkløverlykke – og ikkje EIN spesiell firkløver med fire blad – men mange mange
Ei heil lykketue med firkløver og andre kløver!
Du verden seier eg igjen – noko så vakkert og enkelt
Slik vil eg også ha!
Neste år?
“rein lykke”
“mi bygd – mine barneføter har gått sine steg her”
“mi bygd – mine ungdomsføter har gått stega her”
“mi bygd – mine vaksne føter har gått mange steg her”
“mi bygd – og mange andre si bygd”
kvalsvika
fritt fram for alle
vakker på så monge måter, med Mulevika i eine enden og Golleneset fyr i andre enden
Og Gullrekka midt på – eller over det heile,
frå Mulevika til Golleneset
husa og nausta, båtane og livet
ei perle ute ved havet
Fin tur i bygda,
saman med Kristin og barnebarnet, som også tok turen ut
(ei venninne av Marita)
Og tenk, vi fekk kjempegod godis, av barnebarnet til Kristin – som vi skulle spise når vi kom fram til målet
Heldige Marita og meg!
Mmmmm det var godsaker å spise på veienden det!
Berre synd at barnebarnet ikkje fekk klippe kortet sitt
Ti på topp-klypa var ikkje å finne nokon stad der, på veienden ved Mulevika
Enten så var den borte ved eit uhell eller så har nokon fysisk teke den
Trasig
Men turen fekk vi alle!
Marita og eg gjekk turen vidare gjennom bygda – til moloen og forbi
Den gode praten
Tusen takk Marita
Å sette ting i perspektiv
Ei god kvild må til
livet kan være litt opp ned
ut inn
bakvendt eller framvendt
det surrer rundt litt
akkurat som eit bilete kan være speilvendt, opp ned, ut inn eller….
berre ei spegling
Ein fin dag i Kvalsvika i går
Den gode samtalen
Tusen takk!