Â
Â
nord med sjøen
i eit passe stort hus, veranda og trapp ned
grusvei forbi porten
ned til sjøen, sjøbudene og støda
leiken i fjøra, bak sjøbudene, langs grusvegen og ved moloen
og oppe i dalen
det e i bygda det
der du vaks opp
mulevika, golleneset, moloen og stødene
dalen, bakkane, brekka, landsvegen og sjøvegen
butikken og posten, planteskulen, skulen og bedehuset
syd pĂĄ eidet
det e i bygda det
der du vaks opp
nord i karet
nord til sjøbudene
inn pĂĄ moljen ĂĄ leike hus og heim
fiske krabbe, bygge bĂĄta, leike med bĂĄta elvelangs
ro færing, padle flåte
brenne bål og grille pølse
det e i bygda det
der du vaks opp
gå frå dør til dør
banke pĂĄ
kven er det, berre kom inn
gĂĄr du med nummer, ja mĂĄ ta nĂĄkre
vil du ha ein sjokolade?
takk for besøket og gå til neste hus
“skal du ha nummer?”
det e i bygda det
der du vaks opp
hoppe strikk og hoppe paradis
sprette ball og sparke ball
draumar blir lagt og fantasien spela høgt
kle seg ut i vakre kjolar, spele teater og leike drama
synge songar for sĂĄ ĂĄ opptre
i bedehus og i møtesalar
det e i bygda det
der du vaks opp
ĂĄ kjenne alle som bur der du bur
det er ei glede og ein veldig tryggleik
på søndagsskule, samle stjerne og fiska
søndagsmiddag og søndagsturar
det var slike dagar folk var ute
promenade pĂĄ bygdevegen
treffe kjentfolk ĂĄ ta ein prat
spytte skrĂĄ og gĂĄ med hatt
det e i bygda det
der du vaks opp
hoppe i høystakk og tråkke silo
være på marka å hjelpe med graset
bruke ljå og køyre traktor
hesje og gøyme seg bak
klatre høgt og krype lavt
i ei løde eller i ei sjøbud
det e i bygda det
der du vaks opp
det er stille no
ingen kjente
flytta frĂĄ, og tome hus
nye folk har kome til
kanskje blir der eit folkeliv
kanskje blir det slik for andre
som veks opp i ei lita bygd
den trygge vegen, alle kjenner alle
det e i bygda det
der du vaks opp
Â
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
6. mars 2026
Â
Â
























