O P P L Y S T
Dette å være takknemlig, du tygger litt på ordet
Det å sjå på alt rundt, og ikkje ta det for gitt
Vi lever i eit fritt land og har vår frie talerett
Vi lever fritt og kan ta våre eigne valg
Livet skjer, som det seiast, og det er akkurat det det gjer; livet skjer
Og når du ser deg rundt, oppdagar du alt det vakre
Det vakre i naturen,
som om du ser det for fyrste gong,
sjølv om du har sett det så mange gongar før
Tråkke stien du har tråkka hundrevis av gongar, og brått oppdage noko du aldri har lagt merke til før
Detaljar
Og dei rundt deg
Takknemlig for dei rundt deg
Folket du har kjært og er så glad i
Du oppdagar brått kor sterkt det føles, det å være glad i
Redd for å miste nokon
Takknemlig for tida du har, for den kjem ikkje tilbake
Tida er ny heile tida, og du flyt med og tek dine valg
Og dei rundt deg tek sine valg
Livet skjer, om du har det travelt eller ikkje
Og dess fortare du spring dess fortare føler du at tida går
Du rekk ikkje med alt og vil helst berre gi opp
Men, du kan ikkje gi opp, og du vil ikkje tape
Det å lyfte augene, sjå deg rundt, og oppleve, oppdage
Trekke inn inntrykka og ta det med ro,
nåkre få sekund
Være i nuet
Takknemligheita siger inn, før du må springe vidare
Du ser deg tilbake,
takknemligheita heng igjen, du ser framom deg og ser ikkje enden på noko,
og du stoppar fullstendig opp
Det hjelper ikkje, kor fort du enn spring, så rekk du ikkje alt
Du har forstått det no, og set deg ned på nærmaste steinen,
og ser mot himmelen
Dagen har gått mot kvelding
Tusenvis av stjerner har komt opp, og eit stjerneskudd susar over himmelhvelven
Du lukker augene og blir sitjande i stillheita
Du kjenner takknemligheita som ein eksplosjon i bringa, og tårene veltar opp i augene
Stjerneskuddet er som eit teikn fra oven
Lyft augene, sjå deg rundt, lytt etter stillheita
og ta vare på deg og dei rundt deg
Det hjelper ikkje kor fort du spring, for du rekk ikkje alt allikevel
Og det endar med at du slit deg ut på ingenting
Du veit dette, har vel visst det lenge, men ignorert det, for å rekke over alt
Men om du tenkjer etter kva “alt” er,
er det ikkje sikkert at de er så mykje
Det viktige er å ta vare på nuet
“Alt” rundt, går sin gang, og du går med,
i ditt tempo
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
22. oktober 2026














































































