tĂĄler alt…

 

 

Som om du fĂĄr tildelt ei lita skĂĄl med vatn
ved fødsel,
og du holder den i dine hender livet ut.
Hos mange er skĂĄla like heil og full,
den tĂĄler alt.
Andre opplever brister under veis,
og skĂĄla mister noe av innholdet.
Hos andre er den knust ved fødsel,
og kan ikkje reparerast.
Hos andre igjen
mĂĄ skĂĄla lappes og limes gang pĂĄ gang,
for ĂĄ verne om innholdet som sakte siver ut,
og det gĂĄr ikkje ĂĄ fylle pĂĄ.
Skåla du har fått utdelt er det livet du bærer.
SkĂĄla mĂĄ tĂĄle alt.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#skålamåtålealt #etdiktomdagen #minedikt #tankarblirtilord #dikt #eilitaskålmedvatn #knustvedfødsel

før vi gĂĄr…

 

Du var der
sĂĄ var du der ikkje lenger
det er berre ĂĄ akseptere
sjølv kor tungt det er
Vi kjem og gĂĄr
og det er ei tid for alt
Men eg vil ikkje at
det skal være slik
Kvifor mĂĄ vi kome og gĂĄ
for det er ikkje alle som rekk ĂĄ gjere det dei skal
Eller er det akkurat det vi rekk
Det vi skal før vi går
Du var der
sĂĄ var du der ikkje lenger
og eg saknar deg

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #duvarder #etdiktomdagen #dikt #tankarblirtilord  #førvigår #egsaknardeg

som før…

 

 

Det som var
Eg tenkjer pĂĄ det som var
før mars 2020
Livet
det ĂĄ gjere som ein ville
og være trygg, reise og berre gi ein impulsiv klem
SĂĄ slĂĄr det meg
no i januar 2021
det blir ikkje som før
Ingenting blir som før
Men eg hĂĄpar vi kan
nærme oss “slik det var før”
sĂĄ godt det let seg gjere
DĂĄ vi impulsivt kunne gi ein klem,
livet generelt var pĂĄ normalen
og vi kunne halde hender
Eg hĂĄpar

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#eghĂĄpar #haldehender #gieinklem #minedikt #etdiktomdagen #dikt #tankarblirtilord

dag ut og dag inn…

 

 

Ikkje ĂĄ kimse av,
dei vegane ein trĂĄkkar dag ut og dag inn
Ein kan risikere værte
bĂĄde sprek og sterk.
Og for ikkje ĂĄ snakke;
lykkelig

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #lykkelig #etdiktomdagen #sprekogsterk #ikkjeĂĄkimseav #tankarblirtilord #veganeeintrĂĄkkar #dikt

ei kĂĄpe som varmar…

 

Ja, ein kjenner det på seg – at noko er i emning – noko held på å skje.
Kjenner det på gikta…
Ja, dei sa det nĂĄr kroppen ynka seg, og det kvitna i fjellet,
og rima i vegkanten.
Naturen sine vakre drakter, og no er det ny kĂĄpe pĂĄ.
Ei kĂĄpe som varmar og vernar, det er vinterkĂĄpa ein snakkar om no.

 

Haustlauvet har falt, stille no mot slutten.
Eit teppe pĂĄ bakken, eit vindpust stryker over.
Lauvet, er det di nye vinterkĂĄpe?
Vinterkåpa, og ein kjenner det på gikta…

 

Lauvet og kåpa – årstidene og tida – rundt og rundt med vinden det fyk.
NĂĄr kĂĄpa er sliten og faller til bakken,
dĂĄ er det sola som igjen varmar opp.
DĂĄ brytast lauvet som lĂĄg der sĂĄ godt.
Grønt kjem til syne, vårkåpa er klar og gikta berre forsvant?

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

Eit dikt som kom til ut av eit svar pĂĄ innlegg til bloggeren DEDICAT for kanskje eit ĂĄr sida?

 

 

#vinterkĂĄpa #minedikt #vĂĄrkĂĄpa #etdtiktomdagen #dikt #tankarblirtilord #kjennerdetpĂĄgikta #gikta #ĂĄrstidene #naturensinevakredrakter

fyre med ved…

 

NĂĄr det er sĂĄ kaldt at ein mĂĄ starte dagen med ĂĄ fyre med ved.
Ikkje det at det er så galt med det… for vedfyring er den beste varmen.
Og koselig er det ogsĂĄ.

 

 

 

Prøve å få varme i kroppen.
Ein kropp som grĂĄter innvendig.
Usynlig gråt…

 

 

Enten litt eller mykje…
Kvar går grensen for kva som er lite og mykje i ein kronisk kropp…
Det er vel kva ein tĂĄler da..
Og kva er lite og mykje der…
I og med den kroniske smerta er der heile tida.
Denne gnagande og intense smerta.
Berre det at den har funnet nye vegar.
Vegar som ikkje har vore i bruk pĂĄ mange ĂĄr..
Og sĂĄ hugsar du det plutselig.
Den gangen dei vegane var i bruk – smertefulle som fy
Dei vegane er no i bruk igjen – og dei er like smertefulle.
SĂĄ tenkjer du; var det sĂĄ ille sist..

 

 

Kvar går grensa for kva som er ille og værre enn værst.
Tannverken som herjar frĂĄ hofta og forbi kneet og rett ned i fotbladet
Smerta som gnagar over korsryggen og over i andre hofta
Nakken, hodepina, smerte i hender….
Ja smerte over alt!
Kroniske smerter fordi ein er revmatisk

 

 

Og sĂĄ blir ein sĂĄ sliten..

 

 

Det er kaldt ute – og sjølv om du går med hodet høgt, gråter kroppen på innsida.
Det er berre ikkje synleg.
TĂĄrene synes ikkje
Usynlege
Smertene synes ikkje, for du holder maska
GrĂĄten og smerta er i overkant sterke, sĂĄ stilnar det litt
Ting roar seg…

 

 

Fyre med ved – varme dei stive ledda og dei såre musklane
Hjelper det?
Det blir iallefall varmt..

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#fyremedved #kroniskesmerter #hjelperdet #revmatisme #fibromyalgi #usynlegsmerte #usynleg

nei, gi deg…

 

For gamal..
Vippa over ei usynleg grense
ein ikkje visste fantes..
BrĂĄtt litt slik ikkje ĂĄ regne med?
Nei, gi deg!
Kva er gamal?

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#tankarblirtilord #kvaergamal #dikt #minedikt #etdiktomdagen

kven krisemaksimerar?

 

Kva om bilene ikkje startar..
Kva om kaffetraktaren stĂĄr pĂĄ..
Kva om eg punkterar..
Kva om noko skjer…
Kva om eg ikkje klarar det..
Kva om ingen ser meg..
Kva var det eg gløymde..
Kva om?!
Kven krisemaksimerar?

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#kvenkrisemaksimerar #kven #krise #kvaom

einig med meg sjølv..

 

 

Eg er ofte einig med meg sjølv
Tankar i hodet, for og imot,
nikkar og tek ei avgjersle
Andre gongar, ristar pĂĄ hodet og tvilar,
Greit å være einig med seg sjølv i blant

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #blogg #tankarblirtilord #dikt #einigmedsegsjølv #avgjersle #tvilar

sĂĄ mangt..

 

 

Inspirasjon
kan
føre
til
sĂĄ
mangt.
DU
inspirerte,
og
se
nĂĄ!
Det
er
lov
ĂĄ
forandre
mening….

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #blogg #tankerblirtilord #forandremening #deterlov #inspirasjon