ei kåpe som varmar…

 

Ja, ein kjenner det på seg – at noko er i emning – noko held på å skje.
Kjenner det på gikta…
Ja, dei sa det når kroppen ynka seg, og det kvitna i fjellet,
og rima i vegkanten.
Naturen sine vakre drakter, og no er det ny kåpe på.
Ei kåpe som varmar og vernar, det er vinterkåpa ein snakkar om no.

 

Haustlauvet har falt, stille no mot slutten.
Eit teppe på bakken, eit vindpust stryker over.
Lauvet, er det di nye vinterkåpe?
Vinterkåpa, og ein kjenner det på gikta…

 

Lauvet og kåpa – årstidene og tida – rundt og rundt med vinden det fyk.
Når kåpa er sliten og faller til bakken,
då er det sola som igjen varmar opp.
Då brytast lauvet som låg der så godt.
Grønt kjem til syne, vårkåpa er klar og gikta berre forsvant?

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

Eit dikt som kom til ut av eit svar på innlegg til bloggeren DEDICAT for kanskje eit år sida?

 

 

#vinterkåpa #minedikt #vårkåpa #etdtiktomdagen #dikt #tankarblirtilord #kjennerdetpågikta #gikta #årstidene #naturensinevakredrakter

6 kommentarer

Siste innlegg