tyggisklyse i håret

 

 

 

Småe føter, gullsandalar, lakksko og sløyfe i håret.

Langt krøllete hår, som berre vart kortare og kortare…..

fordi det enkelte morgonar fantes ei og anna tyggis-klyse inntulla i håret…..

Småe barneføter i ei trygge bygd.

Grusveg og lite bilar.

Teikna paradis i vegen, hoppa strikk og klinka kule.

Sykla det fortaste ein kunne

– mest nedover bakkane med hendene over hodet.

Oppover var tyngre og veldig kjedelig………..

Sykle som dei verdensmesterane vi var – med ei hand av styret, med begge hendene av styret – ikkje noka sak. For øvelse gjer mester.

Søndagsmiddagane var vekas opptur med dessert!

Og den gode middagslukta når ein kom heim frå “søndagsskule”

– der ein hadde fått anten ein fisk i garnet eller ei gullstjerne.

Kva visste desse småe om framtida?

Ingenting.

Inga bekymring.

Berre nyhende som vart fortalt av andre vaksne

– pluss alle spøkelseshstoriar og forteljingar frå krigens dagar.

Underhaldning utanfor tv-boksa.

Familie og venner.

Mange born ute som fant på mykje artig året rundt.

Og var det ein “kjedelig” dag – ja då låg der bøker og venta å bli lest.

Å kjede seg…..

ja ein visste vel kva det var på den tida også,

då eg og du hadde småe føter.

Men…. småe føter jobba trutt

– opp og ned bakkar

– over fjøresteinar og andre steinar.

Glansbilder – glansbildebøker – fargebøker – fargelegging – barnekor og foreining.

Ja, for dei småe føtene skulle bli/gjere som sine mødre,

så det var barneforeining i bygda.

Det vart laga mat (mest vafler) og hadde songbok og delte bibelvers.

Men med tida vart alt så veldig barnsleg.

Skulle ikkje være med på noko.

Berre henge rundt.

Sminke vart innført –

Yngres for ungdomen –

ungdomskveldar og andre kveldar.

Småe føter – der sko ikkje passa lenger – vanskeleg å finne rett størrelse.

Moped/pidder susa mellom bygdene.

Heimeåleine……

småe føter hadde vorte “vaksne” – iallefall i eige hode.

Tidleg vaksen og visste alt.

Verdensvant utan å ha vore ut av bygda, nesten.

Konfirmert fordi alle andre gjorde det.

Forventa.

Stor stas for bygd og folk.

Hakket vaksnare og prøve seg heimafrå.

Plokke jordbær og jobbe på gard.

Tjene eigne pengar og kjenne seg stor i verden.

Lengte heim og være blakk når bussen heimover var betalt.

Forventningar til småe føter.

Ikkje enkelt å gå inn i den vaksne sin kvardag,

men kvardagen kom snikande for monge.

For dei fleste.

Nokon har spurt; “kva er vitsen med alle pliktar”

Ja kva er vitsen, men dei fleste gjer det som er forventa.

Småe føter har vorte størrelse stor/vaksen.

Med ansvar for alt.

Inga tyggisklyse inntulla i krølla hår.

For ein har lært seg at ein ikkje skal leggje seg med tyggis i munnen.

Det er så mykje ein har lært seg

– frå dei bittesmåe føtene sprang omkring –

og til dagen i dag då føtene kanskje ikkje passar inn i eigen sko.

Kanskje klemmer det rundt ei tå, eller det er gnagsår på ein hæl.

Dei småe føtene og naiviteten –

vokst inn i store sko og verkelegheita.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.10.19

 

 

#naiv
#småesko
#storesko
#vaksen
#littavhvert
#minedikt
#etdiktomdagen

 

eg vil ha det du har

 

 

Misunnelsens irrgangar.

Kvifor?

“Eg klarar ikkje det du gjer.” 

“Så fin du er.”

“Så flink du er.”

 

Eg vil ha det DU har.

Eg vil BLI som deg.

Å aldri være fornøgd.

Sjalu.

 

 

Alle andre…………

Kvifor ikkje meg?

Likar ingen meg?

Er eg ikkje bra nok?

 

 

Baksnakke

Framsnakke

Sidesnakke

Oppsnakke

Nedsnakke

Vekksnakke

 

 

Det meste negativt.

Eg vil ikkje meir!

Orkar ikkje alt dette negative.

Kroppen tærast,

skuldrane ynkjar seg i smerte

av alle dårlege vinklingar,

tankar

og

spekulasjonar.

 

 

Eg tek eit djupdykk i det kalde vatnet.

Og kjem opp engasjert og positiv på den andre sida.

Det er det EG vil!

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
04.06.19

 

 

 

 

 

 

 

#misunnelsensirrgangar #minedikt #etdiktomdagen #misunnelse #sjalu #baksnakke #framsnakke #sidesnakke #nedsnakke #oppsnakke #vekksnakke #spekulasjonar

når du møter dagen

FREDAG

Og innlegget i bildet under, heter:
SLIK ER DET.
Om du klikker på bildet 🙂

Og er tilegnet venninnen og søsteren min, Laila, som bor i Aurskog.

 

Og hvorfor er det det? Tilegnet henne? Tenkt på henne……

 

Jo, for på kort tid har hun blitt enke, og mistet moren sin.

 

Begravelser med bare ukers mellomrom.

 

 

Og når man er enebarn og faren døde på nittitallet………

da har en ikke mange igjen.

Så da blei det tanker til en søster og venninne.

Om det å stille opp for hverandre når det virkelig gjelder.

 

Om dagene som kan komme som kanonkuler og smadre oss i bakken,

og slitet med å holde hodet over vannet – å klare å “stå i det”.

Bare en liten forklaring til innlegget i går som ikke alle helt forstod innholdet av

– men forståingen av at NOE hadde skjedd,

lå der.

God lørdag!

#sommervarme
#lørdag
#september
#høstfarger
#blogg
#nårdumøterdagen

når du møter dagen

SLIK ER DET

Av og til bare møter man dagen så brått og brutalt at man slutter å puste.
Bokstavelig talt.

Og når noe skjer, holder det som regel ikke med den ene hendelsen – men det kommer liksom bare mye på en gang.

 

Det er slik hverdagen kan være av og til, også må man velge da, å stå i det eller grave seg under dyna og håpe det rett og slett ikke var tilfelle.

Men – har du dradd dyna over hodet og prøver å lette på den da……….. så kommer det veltende over deg.
Det forsvinner ikke.
Du må ta det.
Stå i det.

 

Da er det godt med gode venner <3

 

 

Gode venner betyr alt.

 

 

Det er alfa og omega i en hverdag.

 

Og når man KAN – så gjør man det man kan for å lette byrden.

 

Lette på alt det tunge.

 

La latteren snike seg inn selv hvor sorgtungt det kan være.

 

En god latter forlenger livet 😀

En dæsj med søtt og en dæsj med salt innimellom 🙂

 

 

 

 

 

Og det håper jeg da inderlig vi har fått til nå disse dagene <3

Litt søtt, litt salt, litt sprudlende og litt alvor.

 

Og nye dager kommer til.

 

 

 

Nye muligheter og nye utfordringer.

 

 

 

Nye gleder og nye sorger.

Og vi tar det!

 


En dag av gangen <3

 

“Stå deg vel”

 

 

#stådegvel #hverdagen #søttogsalt #venner #venninner #vennskap #botaniskhage #dagen #fotografering #fotoglede #godevenner #blogg #minedikt #littavhvert  #gleder #sorger #mennesketselv #SMoen

mennesket

 

 

Alt du har opplevd

på godt og vondt,

har gjort deg til det mennesket

du er i dag.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
03.06.19

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #godtogvondt #mennesket #idag #mandag

100 % ansatt i eigen kropp

 

 

 

 

Du er trøytt og sliten.

Ikkje fordi du har jobba for mykje, rangla,

eller gjort andre ting som har teke kreftene dine.

Nei,

du har ikkje gjort noko i det heile tatt.

“Det einaste er at du er kronisk sjuk”.

Og dei kroniske smertene er av og til nesten uuthaldande.

Dei kroniske smertene stjeler all din energi, i tide og utide.

Den tappar deg for all viljestyrke og trykkjer deg ned.

Heilt frå hårrota og ned i storetåa.

Ingen dag er lik, men det som er,

er at smerta aldri heilt forsvinn.

Den ligger der og tappar deg.

Ikkje enkelt for utanforståande å forstå.

Men slik er det.

Det kostar krefter kvar einaste dag.

Og for monge blir det slik

at ein må sortere ut kva ein vil være med på.

Kva ein vil utsetje kropp og sjel for.

For det kostar.

Smerta kan site i rygg, hode, kjeve,

skulder, kne, hofte, mage, alboge, tær……

generelt i musklar, auge, tannkjøt,

ja…. heile mennesket er involvert.

Eg har sagt det før og seier det igjen;

å være kronisk sjuk = 100 % ansatt i eigen kropp.

Alt utover det er rein bonus.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
03.06.19

 

 

 

 

 

#kronisksjuk #trøyttogsliten #etdiktomdagen #blogg #lørdag #minedikt #fotoglede #nrf #revmatiker #fibromyalgi

tankespinn

Når alt bare henger…………

Litt pjuskete og grå

Dråper av regn eller dråper av tårer

Uansett vakkert

Som perler – gjennomsiktige og skjøre

Når alt henger og alt bare er grått

Så er det noe som roper på deg – se her se her!

Alt er slettes ikke grått – se på meg da!

Så er ikke alt helt grått allikevel – og det er ikke alt som henger………

Noe strekker seg stolt opp mot lyset uansett hvor pjuskete..

Uansett hvor naken man  føler seg – så strekker man stolt på seg, oppover……

Opp i lyset selv om det er grått og det meste henger

Alltid noe som strekker på seg, alltid noe som blir borte, alltid noe som faller ned, alltid noe som blir tråkket på…….. alltid..

Alt som henger, alt som faller, alt som blir tråkket på, alt…… det kommer tilbake

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
20.09.19

 

 

 

 

#altsomhenger #minedikt #etdiktomdagen #tankespinn #foto #naturbilder

flyktig øyeblikk

 

 

Du tillot tanken

eit flyktig øyeblikk.

Pustar djupt inn

og lar den flyktige tanken

fare med utpusten.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
30.05.19

 

 

 

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #bilde #foto #fotoglede #hobbyfotograf #flyktig #tanken #utpusten

aha!

Aha-opplevelsen,

når du ikkje forstår kvifor du er so trøyt

for tida.

Dei kroniske smertene har teke overhand

ei stund.

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
30.5.19

 

 

 

 

#minedikt #fibromyalgi #nervesmerter #dikt #tankerblirtilord #trøyt #ahaopplevelsen #kroniskesmertene