Du går dei siste metera og rundar kanten
Du har vore der før, så du veit kva som ventar
Men du er aldri forberedt på følelsen som skyller innover deg, når du ser det som stiger fram
Naturen som eksploderar i vakre tindar, fjellvatn og fargar
Dei vakre tindane
Du klarar ikkje svelge vekk klumpen, og tårene fløymer over
Endå ein gong kom du opp dit, og fekk sjå
Stå der og ta innover alt det vakre og mektige
Mo i knea går du heile vegen rundt kanten og oppover
Omkransa av gamal tid – det er det som er følelsen rundt dei mektige fjella
Ei indre ro kjem over deg midt i alt det mektige
Naturen, di kyrkje,
der du tømer deg for alt av grums, og kjenner på ein slags tilgivelse i kvart eit skritt du meistrar
Indre ro sig over deg og styrker deg
Du skal heim også, men ikkje enno
Site og nyte stillheita og det enorme byggverket rundt deg
Kanskje dyppe føtene i fjellvatnet, avkjøle dei etter ei lang vandring,
ete nista, og deretter starte returen
Fjella står der mot ryggen din, når du går ned igjen
Til ein annan gong
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
4. mars 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
Diktet skreiv eg til paint-bildet HER