titusenskritt

LAURDAG

Og det er strålande ver ute.
Tur må det bli før kveldsvakt.

Hmmmmmmmmmm
Det er mykje å velge imylla og Runde er alltid plopp i tankane mine.
Men mens eg køyrer mot Fonsavåg så dukker rett og slett
Igesundfjellet opp.

IGESUNDHETTA
OG
IGESUNDVARDEN


 Parkerar ved butikken “Fylling” /Spar.
Og går oppover mot der Signe Nysæter bor og tek av opp den bratte grusvegen.

“Fitbiten” er på – og i dag testar eg ut kor langt eg må gå – fra bilen og rundt Igesundfjellet og tilbake til bilen, før ti tusen skritt er registrert.


Bakken opp der stien byrjar og det er god skilting både til Igesundhetta og Igesundvarden.


Eg likar å ta av til høgre oppe ved vatnet – der det er skilta til begge toppane – og går til Igesundhetta fyrst.

Det er vakkert her, og prinsesse Leia er ikkje så værst vakker hun heller 🙂

Is på alle vatn.


Utsikt frå 
IGESUNDHETTA


Her ser ein Huldalen nærmast, vidare mot Fosnavåg, Hornseten, Leinehornet og mot byen, Ålesund vidare ut.

Her har eg alltid problemer.
Høgderedd.
Og kan gå på mange toppar, men det er ikkje det som er problemet.
Det er slike som dette, der det er ubehagelig smalt og bratt på ei side……..
Men, vi kom oss over både glatta til å byrja med og over heile kanten utan vidare oppstyr.
Men alltid får eg skjelven midtvegs….

Leia får ikkje skjelven.
Ho forstår ikkje kva eg masar om ….


Kanten er forsert for denne gongen.
Det er godt å kjenne på at ein utfordrar seg sjølv.

Så er vi framme ved
IGESUNDVARDEN

Utsikt ned mot Nerlandsøybrua.


Fornøgd ja 😀

Og ja…..
Det gjekk veldig flott å gå turen her i dag.
Som på bildet under, er det mykje is rundt omkring no, men det er ikkje alle plassar i stien det ser slik ut, og det er berre å gå på kanten – der det er gras 🙂


Begynte turen med lue og hanskar men etter kvart vart det varmt og måtte berre pakke dei vekk.
God dunjakke held på mykje varme og det å gå ulendt i eit par timar gjer også at temperaturen stig.
Også tenkjer eg at dei kransekake-ringane eg stappa i meg i går kveld har forsvunne litt av, i dag.
For eg har da – som du ser under, gått mine
#TITUSENSKRITT
ved å gå frå Spar/Fylling – til Igesundhetta og Igesundvarden og ned igjen til bilen 🙂

Jepp!
Greit å ha forbrent litt kransekake!!!!!

 

#fitbit #fjelltur #shetlandsheepdog #utsikt #fotografering #hundenLeia #utpåturaldrisur #titusenskritt #mestring #aktivitet #vinter #laurdag #forbrenning #igesundhetta #igesundvarden #igesundfjellet

20 kommentarer

Siste innlegg