naturen er mi kyrkje

 

 

Eg seier det: eg er bergtatt av naturen.
Den er så mektig at eg mest mistar pusten.
Eg seier det; naturen er mi kyrkje.
Eg er bergtatt og mållaus.
Det er så stort at gråten kjem i halsen.
Ein klump av glede.
Mi kyrkje,
som ynskjer meg velkomen med all sin prakt.

 

Dei vakre fjella, tindane, fargane havet og fjøra.
Bergtatt.
Den mektige naturen, fargesprakande og visnande,
for atter å kome tilbake i full blomst.
Dømer ingen, men har mektige krefter vi ikkje kan rå med.
Naturen, der eg alltid kan lette mitt hjerte.
Finne roa.
Naturen som romer alle, ynskjer deg velkomen, uansett .
Bergtatt.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
(repost)

 

#minedikt #etdiktomdagen #repostminedikt #repost #naturenermikyrkje #bergtatt #minebilde #fotoglede

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg