tjuefiresju

 

Av og til “gløymer” du at du er det,
“kronikar”
Og det er så herleg
Av og til
Du veit kva du har, men ikkje alltid graden av det, for var det så gale?
Ikkje før du knekker saman, har gått for langt
Det kjem sigande på, noko uforklarleg og ukjent,
men på same tid kjent
Kva er no dette, tenkjer du
Og når du sit der, med hodet mellom knærne og ikkje veit ut inn eller opp ned,
på deg sjølv
Akkurat då veit du kva som var på gong
Då har du fått svaret, akkurat litt for seint

Du kan gløyme eller late som – men det forsvinn aldri
Og det kjem sigande når du minst forventar det
Det er like slitsamt kvar ein einaste gong
Og du tenkjer; er det slik det blir,
og orkar du
Smerta, nummenheita og utmattelsen er enorm
Du blir sveipa av overflata,
og kjempar deg opp gjennom stormen som herjar i kroppens indre
Det går rundt og rundt,
og kvalmen stig til nye høgde
På utsida er alt på plass
Det er ikkje så mykje som synes
Usynleg lidelse
Usynleg sjuk
Kronikar
Og du står i det
Tjuefiresju

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
9. mai 2024

 


#minedikt #etdiktomdagen #tankerblirtilord

3 kommentarer

    1. Uff, veldig fælt 🙁 Samtidig tenker jeg at det må være litt “godt” også, at du glemmer det innimellom? Så det ikke blir alt man tenker på. Men jeg kjenner jeg er glad jeg ikke sliter med noe stor ting fysisk 🙂

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg