FORDELAR
OG
BAKDELAR
Tankespinn
I direkte forstand….
“Du har ikkje alltid vore så brystfager, har du?”
Eh…. jau det har eg!
Men har eg det?
Nei.
Kilo som sneik seg på foran og bak…
La seg der du helst IKKJE ville dei skulle legge seg.
Som eit snikande ullteppe….
Så vart du litt vant til det, dei ekstra kiloa.
Og kva er grunnen til det – dei ekstra kiloa du eigentleg var klar over…
Ga du litt opp?
Helsa har mykje av skylda..
Men det meste av skylda er matinntaket – og det å “lure seg sjølv”
Dette å “unne” seg noko på kveldstid.
Kanskje etter ei hard treningsøkt og du kjem heim, og appetitten har steget mange hakk – då var det lett å “unne” seg noko godt, for man hadde jo trent sykt mykje..
Så er man i rette alderen..
Rette alder seier du??
Ja nå har eg passert det magiske tallet 50!
Og eg stoppar opp – holder pusten.
FEMTI!!
Seriøst??
Joda, det stemmer.
Pust inn – pust ut – ta det inn og vær takknemleg.
Det er faktisk ikkje alle som rekker denne alderen.
Og eg har lært meg å leve med den.
Alderen.
Eg er vaksen og har det heilt fantastisk, eigentleg.
Eg har mitt å “slite med” – men det er bagatellar.
Kva er alternativet då – meinar du?
Eg har vore ung – yngre og yngst.
Eg har vore der – på reisa – og lært og lærer fortsatt.
Levd livet i sus og dus – gjort mine feilsteg og lært av mine feilgrep.
Eg trur eg er så og sei FERDIG med overgangsalderen.
OVERGANGSALDER!!!
FERDIG??!
Eg fekk den tidleg, overgangsalderen.
Fekk den faktisk før eg runda 40.
Men det gjekk mange år før eg forstod – eller rettare sagt ville forstå og akseptere at det var akkurat DER eg var
Realiteten kom snikande.
Eg følte meg mislykka.
Gamal.
Ferdig med alt.
Og nappa ut mitt fyrste gråe hår midt opp på haude.
IKKJE NAPP UT GRÅE HÅR – då kjem det dobbelt så mange tilbake!!…
Det har det ikkje gjort, men dei kjem snikande.
Etter år med svette – nattesvette der eg symde i svette – fekk eg legen til å ta blodprøve for å få konstatert eller avkrefta overgangsalder.
Legen meinte eg var “for ung” til å være akkurat der..
Svaret var tydeleg: Du er i overgangsalder.
OK – svaret kom slengt i trynet og eg fekk ny nedtur.
Alt er over!
Livet..
Men..
Det er ikkje over!
Det er ei fase dei fleste av oss MÅ igjennom – og livet går vidare.
Eg er meg sjølv uansett.
Eg har overlevd overgangen!
Eg veit ikkje om eg er ferdig med den..
Det kan kome ei svettetokt eller slikt av og til..
Men eg svettar ikkje om natta – det var rundt 40 eg hadde det som værst.
Ovnen som kjem på når ein minst forventar det – har eg hatt minimalt av.
Så, eg er vaksen.
Passert dei 50 – og er takknemleg.
Jau, det er mykje eg skulle vore for utan, men slik er livet.
Ein får utdelt litt forskjellig.
Eg har fått utdelt mitt – og balar med det.
Rynker.
Eg vil ikkje ha rynker.
Eg vil ikkje at tyngdelova skal gjere det den gjer med kroppen min.
Eg vil ikkje!
Men kva er alternativet??
Rynker…
Levd liv.
Det er dette med å arbeide med seg sjølv og akseptere at slik er det.
Tenke på alternativet og dette at ein LEVER og er HER I LIVET.
Takknemlegheit for det ein har.
Så får rynkene kome, ei etter i.
Det betyr at ein er i live.
Er ein så heldig å kome til 50 ish..
Ja, då må ein tåle det som kjem.
Dei unge – og eg har vore der – tenkjer;
“kva vil dei, dei er så gamle”
Eg forstår det som dei “vaksne” og “gamle” har sagt gjennom åra;
“Eg er ung på innsida – det du ser på utsida stemmer ikkje overeins med det som er inn i kroppen”.
Og i dag forstår eg det så godt – det dei seier;
FOR EVER YOUNG!
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#midtilivet #overgangsalder #passert50 #erilivet #rynker #livet #overgang #levdliv #tankespinn #hyllesttillivet #foreveryoung