vakre hausten

 

 

 

HAUSTEN

 

Du møter meg med eit hav av fargar.
Det eksploderer rundt meg.
Eg klarer nesten ikkje sleppe augene fra deg,
du vakre hausten.

Du står der så vakkert og byd på deg sjølv.
Fra dei djupaste varme til dei lysaste kalde.
Du takker for deg på denne vakre måten.
Gir oss eit teikn på at vinteren er nær.

Du vakraste årstid sprer varme og glede.
Du spegler deg så vakkert i fjellvatn og sjø.
Gir oss glede og håp med vakreste fargekart.
Takker for deg og brer eit teppe over jorda.

Eit beskyttande lag som værner mot kulden.
Og når hausten står naken, og løvet har fallt, 
er det like rundt hjørnet.
For under teppet av løv, der spirer det på nytt

 

mettekvalsvik
(19.10.16)

 

 

 

#minedikt #blogg #hausten #fotografering #dikt #spirer


 

8 kommentarer

Siste innlegg