gamle dagar

Det var før i tida det……………

Vart inspirert av innlegget til

Siv Svanem

– om tilbakeblikk til “gamle dager”.

Når eg var lita var “gamle dagar” det som var når mine foreldre var små og våre besteforeldre si tid……….

Gamle dagar er visst også det som vart MI tid i oppveksten, FØR dataalderen.
For vi som er foreldre no, levde i “gamle dagar” med få TV-kanalar og null data.
Korleis klarte vi oss uten data, lurer dei unge på, i dag.
Korleis klarte vi oss uten TV-spel og data-spel og alle dei mulegheite og kanalar som er i dag.

Vi klarte oss bra vi.
Vi leika og lærte mykje, utan å leike med data.
Vi klatra høgt og lavt.
Og mange gjer det i dag også….. klatrar høgt og lavt….
Men med det rette underlaget og med hjelm og heile pakka.

Kva visste vel vi om beskyttelse då vi lærte å sykle, eller når vi klatra høgt og lavt?
Det var i gamle dagar det……..
Då vi gjekk frå hus til hus og banka på døra og spurte om nokon ville ut å leike eller om vi skulle være i lag, og kanskje finne på noko innandørs….

Leik utan at foreldre måtte arrangere og tilretteleggje.
Leik med berre fantasien som begrensa oss.

I gamle dagar hadde dei skule endatil på laurdagar.

Det trur eg at eg opplede EIN gong, på barneskulen, og det var på grunn av straumbrot og storm ute, så vi måtte ta att skulearbeid…. synes eg å huske.

Gamle dagar……….
Eg tenkjer på det som då mine foreldre var små og før det……
Men ungdomen tenkjer på det som gamle dagar, mi barndomstid…
Før i tida……….
På 1970 talet og der…………

Gamle daga….
Den herlege tida……
Vi fekk levert melk og slikt ved lyktestolpen i vegen, kvar fredag, og var vi ikkje heime og kunne hente det inn med ein gong må du være sikker på at kråkene hadde hakka hol på melkekartongen………

Sånn var det i gamle dagar – før i tida………..

Vi lærte å strikke frå vi var små, og hadde barneforening, slik dei vaksne hadde det……..
Med salmesang og mat og greier….
Vi ville være som dei vaksne 🙂

I gamle dagar…..
Minna strøymer på 🙂

Minna <3
 

 

 

 

#gamledagar #minna #blogg #føritida

16 kommentarer

Siste innlegg