hæh
kva
seriøst
du trur det nesten ikkje
men det er sant
du mistar det litt eit augneblink
det går litt i stå
for seriøst
livet skjer liksom
rett framfor deg
og du tek ikkje feil
det er ikkje noka misforståing
du har oppfatta rett
berre på ein augneblink er eit liv borte
eit samliv har gått i knas
sjokket sit som eit knyttneveslag
ikkje med deg skjer det
ikkje no
men det skjer
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
juni 2025
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
4 kommentarer
Dèt traff… <3
<3
Ja, sånt er trist. Og det er så mye historie, som endrer seg. Kanskje det verste egentlig. At det er mye historie, som blir “borte” 😮
Ikke sant…