siste dagen

JANUAR 2018
er snart historie.

I dag er det 31. januar – og siste dagen av denne månaden.
Og, den har gått fort.
Alt for fort?
Ja, det er det bare du som kan sei noko om.

For meg har det gått slik passe fart.
Sjølv om det eigentleg går for fort 🙂

Januar har ført med seg gode fjellturar, gode samtalar og ellers så forskjellig.

Det er ditt ansvar å gjere dagen og månaden god.

Kva skjedde 

31. januar 2016?

og

31. januar 2017

31. januar 2017

Om du klikkar på lenkane over,
får du eit lite innblikk i det.

Så har hund og menneske tatt turen ut.

Det er ikkje frost ute, men plussgradar og regn i lufta.
Ingen dag er lik.

YSTEVIKA


Litt skummel den staven vi går forbi 🙂


Det er forskjellig som kjem inn med dårlig vèr.


Ei ørn fangar Leia si merksemd.
Sirklar over oss litt før den forsvinn.

Øyredøvande sus av havet som skvulpar mot land.
Litt slik; “havet syng”.


Herlig å rusle her.
Finne roa.
Berre høyre på duren frå havet som syng.
Fuglar har byrja synge…
No nærmar det seg
meir  og meir vår.

 

 

 

 

 

#havetsyng #ystevika #hundenLeia #januar #onsdag #fotografering #bilder #shetlandsheepdog #natur #himmeloghav #turivårnatur #blogg

16 kommentarer

Siste innlegg