tonkar og kvalsviksongen…

Den kom føre meg, songen, då eg var ute og gjekk tur
Tenkte på det eg og mamma snakke om,
på biltur ut mot bygda, for ei stund sidan

 

 

Kvalsviksongen av Solveig Kvalsvik

Kvalsvik, du min heimstad kjære, ingen er som du.
Her for oss så godt å vere, og her vil me bu.
Du vår heimbygd, kjære heimbygd, me deg aldri gløyma vil.
Om trøytte, gamle, me får famle, Kvalsvik kjem me atter til.

Nerlandshornet, gubben trauste, held grenda i si famn.
Stein han ga så rik og rauste til vår trygge hamn.
Kjære, kjende grannegrende, ser me rundt ikring oss her,
Ja, Barmen, Børa, Muletua, alle stader er oss kjær.

Voggevise båra song inn i kvart gutesinn.
Lokka med sin sigersong; Kom ut med båten din!
Lovde løne sine søne berre dei til havs for ut.
Og hugen drog ho, vegna tok ho frå så mang ein fiskargut.

Ofte frå sin rikdom rauste havet og kan gi.
Og sjømann med hender trauste dreg inn fengda si.
Gløymer fåra, den falske båra, slikka grisk om kjøl og stavn.
Så lett dei hala, fisken sprala, set så kursen i mot land.

På det kjende tunet heime går mor og syskjenflokk.
Frå tidleg dag til kvelden seine, ser kun regn og rokk.
For ei båre, tru om våre ikkje snart skal ver her.
Der båra solla utfor Golla, er der ikkje ein båt no der?

Og igjennom skum og skavlar stevner dei mot land.
Der småborn i fjøra kravlar, gamling med stav i hand.
I atterljom frå glad velkomen halve fiskarløna ligg.
Om dei hev vore trøytt og klåre, atter modet og makta stig.

Signe gud vårt dagleg yrke i heim, på hav og land.
Gi oss arbeidshug og styrke, rekk di faderhand.
Ver du losen, vis oss kosen til me finn så trygg ei hamn.
Om makta minkar og døden vinkar, me lat at augo i Jesu Namn

🌼🌼🌼

Akkurat den har eg kunne utanat  – men ikkje no lengre…. Lenge sidan eg har sunge den
Men noko sit igjen – og det er ein flott tekst og song som bygda har brukt i mang ein samaneheng
Mannskoret Havbrus song den så flott i si tid

 

 

Og tilbake til den tonken som kom føre meg… med songen og slikt:

På veg utover mot kvalsvika
Mamma skal i eit 80 års lag
Ei foreiningsdame –
ja dei har gått i foreining saman sidan tidenes morgon.
No fylte ho 80, dama og naboen, og foreiningsdama – alt på ein gong
Og feiringa var lagt til Olafløda til Bjarne Kvalsvik – i Kvalsvika

🌼

Eg hugsar godt når det var foreining heime hos oss
Vi måtte legge oss og være heilt stille….men lista oss ned i trappa og lytta
Mamma laga god mat og det var song og prat og handarbeid
Dei samla seg, damene i bygda – og samla inn pengar til indremisjonen –
foreiningsdamene
Og alle basarane og tombolane som var i bedehuset – du hjelpaste tid som dei har stått på – damene i bygda – stått for samhold og fellesskap på dei fleste måtar – med tidenes kakebord og smørbrødbord og festeligheiter

🌼

 

Og i og med mamma flytta til Fosnavåg for eit par år sidan, må ho ha sjåfør utover dit
Ja, for ho har ikkje bil lenger heller
Mamma er no heile 86 år må vite…. i alle dager – kor har tida vorte av
Mamma som alltid har vore midt på tredet gamal… ikkje noko meir enn det

 

 

Å ikkje bu i bygda lengre, det er rart både for meg og henne
Men folk har no flytta før, kjære vene…
Og eg har no flytta til min kjære C og har det bra der
Og mamma har flytta sentralt og har det bra med det

Men til saka:
På veg utover Nerlandsøy og over brua, opp teigane og ut teigeneset,
teigestranda,
og der –
longeneset –
og bygda openbarar seg

Ein litt rar følelse
Vi har hus begge to, som har blitt solgt
Røtene er opprevne på ein måte – i allefall nesten

Saknar du bygda mamma?

Svaret:
Både ja og nei – men nei… ikkje slik – no
Eg fann min plass då eg gifta meg, og fant fred og lykke i bygda då
Bygda og folket vart til stor støtte og glede
Tryggheit og godt naboskap og folk flest
Ei god bygd å være i for store og små
Samhold

Men no, nei no er det ingen igjen nesten, i bygda, frå min generasjon
Og det gjer meg ingenting å kome ut å sjå, gå tur eller dra derifrå igjen
Eg er på ein måte ferdig med bygda, på ein god og takknemlig måte 🙏

Min og Jostein sin plass
No har eg gode dager der eg bur no

Så bra!

Minna har vi i hjarte ❤️

Det er godt når det verte slik – sjølv om dagane er opp og ned for alle og ein kvar

Men vi har kvarandre enno
Og det må vi berre verne om,
og ta vare på så godt vi kan

 

Takknemligheit 🙏

6 kommentarer

    1. Så vakkert og nydelig innlegg, og fin sang dere har 😊

      Det ene koret mannen min og jeg synger i har også sin egen sang for bydelen de tilhører. Den betyr veldig mye for de eldste i koret ❤️❤️❤️

      Kjempefine bilder ❤️😊

      Ønsker deg en superfin tirsdag ❤️🥰

      Purr, purr, og klem fra Toril og kattene

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg