fingrane flagrar over bokstavane
og orda blir til
det herkjar her og der
ein bokstav har hengt seg opp
ein annan virkar ikkje heilt
og der vart det dobbelt så mange av same bokstav
tastaturet har gjort jobben sin
maskina like så
det går sakte i svingane
saktare og saktare
når tek den sitt siste tast skal tru
har ikkje lyst å skifte ut
kvalitet har det vore
men
det er ei tid for alt
også for ein laptop
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
26. april 2024
#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt
4 kommentarer
Ditta var utruleg flott skrive Mette 👏🏻👏🏻👏🏻
Tusen takk, Ingebjørg 🙂
Jepp – de varer visst bare ei viss stund….. 🙂
ja ikke sant… min har vart i hele 10 år! 😀 Still going strong 🙂 nesten…