luke 21 i årets adventskalender

Adventskalender 2024

Flyplassen

 

21

Må på do, og ser skiltet for toaletter i nærleiken
Åh kø
Er det noko unormalt i det
Nei, men det er så kjedelig å stå og vente når ein må på do
Nesten så du ikkje klarar halde deg
Åååååå du må, må berre vente litt til no, halde igjen, knipe igjen
Ahhhh der…. endelig din tur, og det er så befriande
Men kva i …. det er ikkje papir
Nei nei nei ropar litt panisk ut i lufta om nokon kan sende papir under, i åpninga på døra,
og nokon høyrde deg
Phu!
Tusen takk!

 

1
Hade!
Ein klem og «god jul» – bilen køyrer avgårde
Hjula på kofferten graver seg ned i snøven, der den blir slept over vegen,
og det er godt å trekke den opp på fortauet, kome igjennom svingdøra og inn i varmen
Brrrr det var kaldt ute
Minusgrader så det holder
Men ja, det er vinter tross alt
Nå er det jul igjen ja nå er det jul igjen….
Jingle bells jingle bells….
Julemusikken surrer i alle flyplassens hjørner
Mennesker over alt – eit gedigent juletre – ei julenisse som roper hohoho, og du strenar forbi
Finne den automaten, få ut lappar til kofferten, finne rette staden å sende kofferten avgårde, og få roe ned
Phu… går dette bra då…i mangel på retningssans og at det osar usikkerheit, det er det ingen som ser
Det går fint ditte, seier du til deg sjølv,
og strenar vidare

2

Phu
Godt med alt som er gjort
Kofferten er plassert,  og du står og ventar på din tur gjennom kontrollen
Klar bane og du går med usikre skritt igjennom apparaturet, og der peip det sjølvsagt
For det pip nesten alltid, føler du – eller du blir plukka ut til
tilfeldig kontroll
Sukk…
Du har no sett så mange filmar,
der uskyldige blir tatt for noko alvorleg,  og
tenk om nokon har plassert noko i veska di eller jakka di eller…. fantasien altså!
Men men, det er jobben til securitas/politi/tollara
Og du er ein blandt alle dei andre,
og monge verte tatt ut til sjekk, og sjølvsagt var det ikkje noko skummelt med meg,
og eg fekk gå vidare
Når ein føler seg trygg på at alt er lovlig, er det ikkje noko å frykte,
tenkjer du med deg sjølv,
letta over at no har du komt så langt

3
Kaffe neste
Finne eit bord og setje deg ned, det er heilt innafor
Kaffelatte er godt – ein dobbel
Og der er bordet, heilt at med kanten og god utsikt mot alle og einkvar
Er redd for sekken, at nokon skal ta den kanskje, så den set du inn til kanten,
under bordet
Dei er flinke å informere om at alle må ta vare på bagasjen og ikkje gå ifrå den, då er det ikkje sikkert den er der når du kjem tilbake
Advarslane susar over høgtalaranlegg når det ikkje er julemusikk som susar
Koselig med julemusikk i desember, det høyrer med til jula det

4
Du sit der og ventar
Det er lenge til flyet går – og ein god kopp kaffe og noko å bite i, gjer susen
Ostehorn med skinke – heilt safe – då veit du at du likar det
Boka ligger i veska, om det skulle følast einsamt
Då er det berre å stupe inn i spaninga av ein roman
Det er så godt å være ferdig med innsjekking av kuffert og kome igjennom kontrollen
Enn så lenge underholdast du av mennesker som fyk forbi
Skal tru kvar alle skal
Heim til jul?
Kjæreste eller familie
No vil eg heeeeim til jul….

5
Tonkane siger på,
og du sit nesten som om du dagdrøymer
Så mange forskjellige mennesker
Og så rare på ein måte
Men du er nok rar du også, i andre sine auge
Dei ser på deg, der du sit aleine
Men mange reiser aleine – så det er ikkje så rart heller
Kanskje tryggare å reise to….
Men du er på veg, heim til jul – familie og venner

6
“Om du hadde ein oransje koffert no,
så kunne du ta den som kjem sigande der”,
blei du fortalt i ei morosam vendig,
då du stod og venta på kofferten som skulle kome på bandet, ein gong
– venta og venta….
Ja… hadde den vore oransje… men det var den ikkje, kofferten din,
den var blå – med rosa sløyfe i håndtaket
Det gikk ei eve før den kom siglande på bandet – tålmodigheit –
men alltid godt når kofferten er trygt framme –
ta tak i den og rusle ut
Du smiler for deg sjølv
Å ta den oransje kofferten…. kunne vore kven som helst sin det…

7
Oransje t-shirt og oransje sko går forbi… dei matchar så fint
Litt sommarlig kledd i desember, men dunjakka heng over skuldra
Dine klær matchar ikkje…. blå sko, kakifarga bukse, grønaktig t-shirt og grå tjukk strikka-jakke
Lang kåpe – svart – heng på stolen – litt fargelaust?
Det er ikkje så nøye liksom, alltid – at det skal matche,
du er ikkje like avhengig av det, som då du var yngre
Då skulle alt stå i stil
jaja…

8
Nokon er høge og andre igjen er lavare
Longe og korte, tjukke og tynne
Slanke
Tenk at vi alle er unike og ulike
Ei høge dame og ein lavare mann…
Må smile… nokon har aldri tenkt at DET kan være eit problem
Kva er problemet om dama er høgare liksom
Njaaa…. normalen er vel at mannen er høgast?
Det er noko å tenkje på…. er det liksom så nøye då
Hmmmm
Normalen…. er det ikkje så viktig lengre, om mannen er den lengste
Du tenkjer med det sjølv, at du vil at mannen skal være akkurat lige høg eller bitte litt høgare
Det er vel ikkje for mykje å forlange vel?

9
Lurer på om dei har det godt saman, dei to…
dei hastar forbi –
ho fleire meter framom og jagar på,
mannen på slep bak, med julepakkar dinglande i fleire posar
Det er ofte slik, tenkjer du med deg sjølv, at kvinnen i eins liv bestemmer mykje
Men det kan sjølvsagt være omvendt
Klart det
Omvendt
Du gjespar litt og tek ein sup til av den gode koppen med kaffelatte

10

Eit gamalt ektepar går forbi
Det ser slik ut, at dei er litt gamle ja…
Dei går saman, støttar kvarandre, krokete både her og der
Vinterkledde frå topp til tå
Dei ser ut til å ha eit mål i sikte, og kjem seg fram, saman
Det må være fint å kunne verte gamle i lag, tenkjer du med deg sjølv og smilar
Ein veit aldri, det er heilt sikkert
Har dei familie dei skal til
Skal dei feire åleine
Har dei nokon i det heile tatt
Men sukk… dei har uansett kvarandre – det er ikkje verst det heller
Det byrjar bli mykje folk og trengsel både her og der
Hei hå nå er det jul igjen….
Vi må finne skjegget….

11
Ingen ledige sitjeplassar, og nokon er irritert over det
og det er jo forståeleg
– for er man litt sliten, vil man sette seg litt og kvile
Du sit godt,
og har ikkje tenkt å flytte deg,
og den ledige stolen ved bordet ditt, blir flytta på av nokon som lurte på om den var ledig –
og sjølvsagt var den det. Var berre kåpa di som hang over stolen
Du reiser som sagt åleine – men det kunne jo ikkje vedkomande vite sånn med ein gong
Stolen har dei fått, og det er mange rundt bordet der, og dei pratar og ler
Så koselig
Venner eller familie kanskje – ja det er det same eigentleg, hyggeleg har dei det okke som
I`m dreaming over white christmas….

12
Hand i hand, og nokon sjektar, det vil sei at dei holder arm i arm,
ikkje hender fletta saman eller slikt
Eit kyss og ein klem
Glede og overraskelse av å sjå kjente andlete
Nokon har venta spent på nokon
Nokon skal hente nokon
Tilfeldig
Julenissa svinsar forbi og ropar “hohoho!”
Det er koselig med jul og all julepynten
Du elskar desember, tenkjer du, og smilar
Pepperkaker og gløgg – mmmm det er godt det!
Du kom på det då du kjenner dufta av gløgg
Nokon har visst kjøpt seg det ja – ikkje dumt

13
Barn som gret
Det er ei tålmodigheitsprøve å reise med små barn
Og kanskje travlegare i juletida med kanskje meir trengsel og styr
Uansett alder, er det noko
Vil ikkje
Orkar ikkje
Er sliten
Må på do
Likar ikkje maten/drikka
Raserianfall
vrææææææl
Sånn er det – ingen barn er like, tenkjer du
Der kom nissa svinsande forbi igjen,
– og det vart heilt stille
Dei fekk pepperkaker – og det falt i god jord hos dei sinte små,
som kika med litt forfærda store auge

14
Det er rein skjær underhaldning å sitje slik å sjå og studere
Ikkje glane for lenge, då kan nokon verte mistenksame
Nokon kan tru du flørtar
Andre igjen ser tilbake
Kva glor du på
Har du sett nok no?
Man får aldri nok
Eller, det kan være slitsamt også, å sitje slik og berre følge med på alt som skjer
Hoff sjå, den har det ikkje godt, ser veldig leide seg ut, og du føler med
Du tenkjer i ditt stille sinn, kva har skjedd der, kvifor er du så lei deg
Er det inga god førjulstid for deg

15
To gutar klemmer kvarrandre i rein lykke, og nokon ser langt etter dei
Dei holder hender – har nisseluer på
Du ser at nokon snur seg etter dei, og gjer grimasje
Kva så
Vi har lov til å like, elske, være saman med, kven det no enn skulle være her i verda, tenkjer du, og kjenner på irritasjonen over uvitenheita og nedlatenheita folk kan ha
Du tenkjer at det såg så fint ut, og at om dei har det bra, så er det det viktigaste – ikkje kva vi synes
Tek ein ny sup av kaffelatten som byrjar verte kald
Det gjer ingenting, for du likar kalde kaffe også
Julesongane fortsetter å kime ut gjennom anlegg og du føler glede
Kanskje du skulle gå for ein gløgg før du går mot gaten….

16
Snart heime
Håpar veret held seg stabilt og hurtigbåten går, tenkjer du
Er den innstilt pga dårleg vèr, då blir det litt meir styr, ja,
for å kome seg til ferga… eller om nokon kjem til flyplassen og hentar
Det er så kjedelig å måtte vente eller ta omvegar – og du har teke hurtigbåten i storm før, og det er ikkje så morosamt
Heldigvis verte du henta ved hurtigbåtkaia –
og godt er det tenkjer du, med all den bagasjen du har med – ja den tunge kufferten liksom
Ikkje lurt å ta sorgane på forskot – sjølv om du har ein tendens til å overtenkje
Slapp av no – det er meldt godt vèr i det minste
Og tonkane sveipar innom stormar og orkanar som har herja i jule og nyttårshelgar før, spesielt den som herja romjula 1991.
Draumen er ei kvit jul
Ikkje så mykje snøv kanskje…. men at det er kvitt – det er så fint
Nesten som om du er heilt borte vekk i tonkar, og
verte riven tilbake til verkelegheita av høge lydar like ved

17
Eit barn ligger på gulvet og hylar
Har sett ein bamse i butikken visst nok, som den ikkje får
Mor sier nei og barnet hylar værre enn værst
Det er jammen meg slitsamt…. glad du ikkje er ho akkurat no
Vil ha – vil ha – vil ha – domming!
Foreldre er domme til tider ja, tenkjer du
Men kva skulle ein gjort utan, og av og til må ein også seie nei
Domme mamma, ropar barnet, og folk snur seg og kikar
Mora gir visst etter, og barnet får bamsen
Kanskje ei lita førjulsgave då….
Det er enklare å gi etter av og til enn å stå i det…
jaja… stilt vart det i alleffall

18
Nokon fyk forbi med posar dinglande i kvar hand – har handla på butikkane
Kva handler dei – kva trenger dei – og kjøper dei til sine kjære eller til seg sjølve
Julegaver i siste liten, eller ei anna gave, kanskje ein bursdag eller noko
Du treng ikkje noko, tenkjer du, eller kanskje….
Nei orkar ikkje gå i butikkar no
Ikkje lenge før du må rusle mot gaten der flyet står
Men gatenr har ikkje kome opp enno
Du var tidleg ute, som vanleg – men det er heilt ok
Slappar meir av då, istaden for å stresse – springe rundt som gal og få panikk
Nei, tidleg ute, det er fornavnet ditt nesten det….du må smile litt
Ja betre enn å være for seint ute… då rekk ein kanskje ikkje det ein skal, og stå med sjegget i postkassa liksom

19
Tenkjer med deg sjølv at det er av det gode det, å alltid være tidleg ute, ha god tid
Då kan man sitje slik og drikke kaffe og sjå på dei reisande
Du tek fram boka og les litt
Det er spanande – krim
Fordjupa i boka, skvetter du høgt av eit smell
Skvetter så kaffekoppen nesten faller i golvet
Nokon har falt så lang han er, rett ved sida av deg
Snubla i ein stol visstnok
Han bannar høglydt
Hmmmm tenkjer du… var ikkje heilt edru heller
Han kjem seg opp sjølv og sjanglar ut frå kafeen der du sit
Trist, tenkjer du med deg sjølv, og synk ned i boka igjen med eit sukk

20
Kva er klokka skal tru
Er det på tide å sjekke gaten kanskje
Og du pakkar saman det du har, tek sekken på ryggen, og veska over skuldra og ruslar avgårde
Kikar opp på den store tavla, og der står flighten din
Du skal på C 22
Det er andre vegen det
Og du ruslar mot C og nr 22 – du og ein haug med andre som skal same vegen
Motstraums – fordi det kjem ein heil haug med mennesker som skal akkurat i motsatt retning
Gå på høgre side tenkjer du, og sig ut mot sida
Kjem til å treffe sekken til nokon som bannar høgt, og du ber om unnskyldning
Får berre eit surt blikk tilbake
Det er så kjedelig når folk er så sure

8 kommentarer

Siste innlegg