alt rundt… reise…

 

Av og til reiser nokon så alt alt for tidlig
Reiser og lar all bagasje stå igjen
Så er det tomt,
utan vå være heilt tomt allikevel
Tomt for den som har reist
men alt anna står igjen
Det sit i veggane og alle minna – langt inne i deg

 

Men av og til er det alt for tidlig å site igjen med “berre” minna
Av og til skulle nokon vore litt lenger
Berre bitte litt lenger, så forberedelsane hadde vore gjort
Men så er det slik livet, at ein ikkje alltid klarar være forberedt på det som skjer
Reisa kjem for brått på og du sit der tilbake i sjokk og sorg,
med all bagasjen som vart etterlatt

 

Kva skal ein seie og kva skal ein gjere når nokon brått er reven bort
Ut av det blå tok reisa ei ny vending
Korleis skal ein stå i det
Og håpet er då at ein allikevel ikkje står åleine
Mykje av bagasjen er lykke og anna er bearbeidelse og håp
og noko av bagasjen er alt rundt
Av og til reiser nokon så alt for tidlig
Ikkje planlagt, og dagen er sveipa vekk under føtene

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#sveipavekkunderføtene #minedikt #etdiktomdagen #ikkjeplanlagt #tankerblirtilord #reisa #utavdetblå #bagasje #altrundt

8 kommentarer

Siste innlegg