Julekalender i adventstida – 21. desember

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 21

 

Under stjernene

 

Ho spring under stjernene.
Ei ung kvinne.
Ein høyrer andedraga hennar.
Stegas perlekjedevakre rytmar gjennom graset.
Vindane som fĂĄr desse slettene til ĂĄ leva.
Vindar som over eit draumars stille hav.
Men under føtene hennar, nede ved det sølvskimrande grasets røter, er grunnen skjult i eit stille og blåsvart mørke.
Ho spring i frykt.
Ho veit ho er her ikkje aleine.

 

Ein stad stoppar ho og snur seg.
StĂĄr der stivt og stille.
Hovudet høgt og hjartet dunkande.
For ho veit ho blir jaga.

 

Gjennom heile denne lange natta har ho sprunge, mens stjernene har dreidd om sine eigne aksar.
Snart skal morgonen koma, snart skal stjernene forsvinna.
Er ho då også sjølv dømt til å væra borte?
Utan ĂĄ stoppa vrir ho seg hastig halvt rundt.
HĂĄret som ein sveipande glorie om andletet.
DĂĄ ser ho det ho visste mĂĄtte koma.
No er det her.
Det som gjennom heile denne fryktas natt har vore berre ei pinefull aning,
ei kjensle som av undergang; no ser ho det.
Der graset og stjernene møtest.
Eit grufullt omriss.
Eit frykteleg mørke.
Og den vona ho heile tida har hatt, den vesle spinkle spirande vona,
no er det som om ho visnar og døyr, og likevel spring ho.
For her finst ingenting anna.
Redsla jagar ho vidare, og ho kjenner ikkje lenger såra under føtene.
Ho spring utan tankar og med hamrande hjarte og med auga halvt blinda av tĂĄrer.
DĂĄ endar sletta.
DĂĄ tek graset slutt.
Det ligg eit stup for føtene hennar, og nedanfor stupet: ei brei og veldig elv gjennom natta.

 

Ho kastar seg ut.
Ut i eit blåsvart, susande mørke.
Ho fell langs harde, steile bergveggar.
Ho fell gjennom augeblikk der tida synest ĂĄ ha stoppa.

 

Elva fører ho med seg.
Mens redsla er som ein tone i kvart forpinte hikst ho tek.

 

Det er som om ho høyrer ei kviskring no.
Eit stille sus som stig frĂĄ djupa der nede.
Eit messande kor, eit ekko av for lengst fortapte røyster.
Ho høyrer dette koret, men ho ofrar det knapt nokon tanke.
Ho har ingen krefter igjen.
Likevel sym ho enno.
OgsĂĄ mens morgonen kjem.
Mens stjernene bleiknar og døyr.
Denne siste morgonen.
Mens kreftene og varmen hennar blir borte.

 

DĂĄ ser ho den andre breidda.
For morgonen er i emning, og disen har drive unna, og ho ser den andre breidda.
Så inderleg og så nær.
Men ho kjennar knapt armane og føtene sine lenger.
Ho veit ikkje om dei enno sparkar eller dreg ho framover.
Slik kjem morgonen.

 

Og i det ho veit at alt må ta slutt, og at sjølv om ho kunne nådd dit inn berre med nokre siste, få tak,
må ho likevel søkka,
for ho har nådd si ytste grense, og armane og føtene hennar finst ikkje lenger,
i dette augneblikket rører ho likevel botnen,
og enno mens ho knapt forstĂĄr,
gjev floda ho fri,
og som i vantru sjanglar og stavrar ho seg opp pĂĄ ei stille strand.

 

Ho løftar blikket og ser landet stiga bak breidda.
Ho ser det finst stiar ogsĂĄ langs denne breidda der menneske og dyr har gĂĄtt.
At det veks bær i lyngen.
Og mens ho enno stĂĄr her, mens ho kjenner sola byrja varma seg,
veit ho at flukta er over.
At her vil sĂĄra hennar gro.

 

Tore Kvæven

 

 

Utdrag fra historie i Juleroser

 

 

 

#julekalender #lukenr21 #samlagetegmont #herborgkråkevik #torekvæven #understjernene #advent #ventetid #adventskalender #21desember #desember

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg