noko nytt…

 

Det er rart kor forskjellige vi er
Kor lett eller tungt vi tek på ting
Nokon synes det er veldig trist å flytte frå heimen sin,
som har vore kjent og kjær gjennom all den tid,
mens andre berre går utan å snu seg tilbake

 

Dette med å late att døra til det som var,
og åpne døra til det som er no
Noko nytt, uvant og spanande
Nye utfordringar, og kanskje eit enklare liv

 

Noko ein har drøymt om i lang tid, også skjer det
Det kan være ei stor påkjenning eller ikkje
Men at det er eit tøft valg, og noko som må forberedast over lang tid,
det er heilt sikkert

 

Og prosessen med å fordele, kaste og pakke
Kven skal ha kva
Kva er verdt å ta med og kva er verdt å spare på,
og kva kastar vi

 

Bildeminna –
og dei småe tinga,
kven som laga kva og kven som har gitt kva i gaver
Minna –
dei ligg der i dørene – og når døra latast att den siste gongen,
då er det gjort
Hallo til alt det nye

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
september -22

 

 


#tankerblirtilord #hallotilaltdetnye #minedikt #etdiktomdagen

12 kommentarer

Siste innlegg