sine liv

 

 

Alle har sine liv
Du ser og leser
Alle du kjenner, som har sine liv
Alle du veit kven er, har sine liv
Alle du møter, ser, passerer, skubber borti
Dei har barn og barnebarn, eller dei har ingen
Dei har mista nokon, eller fått nokon
Dei lever sine liv

Du står på sidelinja og er tilskuar
Ser og leser, undrar og tenkjer
Studerer
Kva styrer dei med alle
Den gjer det og den gjer det
Vil du også gjere det
Vil du også være med der
Være med i den store heiagjengen
Eller være anonym

Du ser på frå sidelinja
Av og til er du med
Brått var du delaktig i nokon andre sin dag
Der er alltid nokon som gjer noko
Det er alltid noko som skjer
Det er alltid nokon som flirar eller gråter
Alle har sine liv, og lever sine liv etter beste evne
Du trur det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
22. oktober 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

8 kommentarer

Siste innlegg