skuffelsen

 

Skuffelsen brenner gjennom heile deg
Du klarar ikkje å “ikkje ”  la det skje heller
Kva det var som gjorde det, ja det veit du
Og du trudde på det, heilt til det glapp
Då traff skuffelsen som ein pil i hjarte
Det sveid så innmari
At ein skuffelse kan verte så stor, hadde du ikkje trudd
Den må berre sige av i fred og ro
Ikkje anna å gjere med det
Du skulle ikkje tillatt den å ta plass i fyrste omgang
Men du tillot den å ta heile deg
Gjennomsyra inn til beine, av rein og skjær skuffelse,
men tårene rant ikkje
Du ville ikkje gråte

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
21. januar 2025

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

4 kommentarer

Siste innlegg