Ærlighet…..

 

 

Nettet snører seg saman.

 

Ærlighet varer lengst.

Du kjem lengst med å være ærlig.

Ikkje gå rundt grauten.

 

Kvifor finn vi på så mange bortforklaringar av og til?

Kvifor spinn vi på ei løgn som nettet berre snører seg meir og meir saman rundt – og til slutt endar det galt.

Kvifor ikkje berre seie det som det er?

Er det umulig det, å seie det som det er?

 

Enten kan du eller så kan du ikkje?

Kva er greia med det….

Nølande trekkje på skuldrane og seie feil…..

Du seier det du egentlig IKKJE vil seie….

For å gjere nokon til lags og det ikkje skal bli ugreie…

 

Nettet snører seg saman rundt deg…..

Kva var det egentlig du sa til å byrja med…

Kva var egentlig utgangspunktet for heile nettsnøringa?

Det bala slik på seg at det kokte ut i ingeting.

Berre nettet heng igjen.

Alt det andre er vekk.

Kva var spørsmålet som vart bortforklart.

Om du får spørsmålet igjen, kan du svare det same då?

 

Kvifor være så redd for å skilje seg ut.

Kvifor kan du ikkje ha dine eigne meiningar?

Kvifor tørr du ikkje være ærlig mot deg sjølv og andre?

Nettet snører seg saman rundt deg.

Tettare og tettare.

 

Ikkje gå rundt grauten.

Sei det som det er.

Det er mykje bedre å være ærlig og få det ut med ein gang.

Da slepp nettet taket og du får pusten igjen.

Det blir ikkje fleire maskar i nettet.

Ærlighet varer lengst.

 

mette josteinsdatter kvalsvik
oktober 2015

 

 

 

 

#ærlighet #minedikt #tankerogord #seidetsomdeter #ærlighetvarerlengst #nettetsnørersegsaman

 

18 kommentarer

Siste innlegg