Kalde auge

 

 

KALDE AUGE

 

Du møter blikket.
Det er kaldt som is.
Du ser hat og hån i augene.
Du krympar deg.
Kven fortjenar vel slike auge på seg?

Om blikk kunne drepe, ja då hadde du ligget der no, tenkjer du.
For det er ikkje noka glede i desse augene.
Iskalde og fulle av sinne.
Du kjenner dei i ryggen, og får frysningar.

Nokon har det slik.
Dei viser det vonde i seg gjennom augene.
Dei trur det, at dei viser deg styrke.
Men det kan da ikkje være styrke bak slike auge.

Augene fortel om sårheit og av sinne.
Brennande hat og ondskap.
Nei, kanskje mest av såra stoltheit.

Augene speglar det indre i deg.
Du tenkjer; om du møter dette blikket med same mynt, får du hevda deg då?
Nei.
Du smiler så vidt, med augene og munnen, og går ein annan veg.

 

mk

 

 

 

#dikt #minedikt #kaldeauge #blogg #etdiktomdagen #tanker

 

 

 

16 kommentarer

Siste innlegg