august

 

 

En båt uten vind, over den står himmelen gyllen.

August er det mykeste myke jeg kjenner.

Denne skjelvende streng mellom sommer og høst.

 

* ukjent *

 

 

 

#skjelvendestreng
#sommeroghøst
#båtutenvind
#himmelengyllen
#august

 

 

 

Vårherres klinkekule

 

Jeg drømte at vår Herre var en pode med reven brok og skrubbsår på hver legg. Jeg så ham klinke kule med vår klode i muntre sprett mot universets vegg. Han klinket han var glad og det var sommer og solen tente lyn i farget glass. Og tusen kloder rislet fra hans lomme, for i vår Herres lommer er det plass.

 

Og klodene fikk danse, sveve, trille til glede for hans hjerte og hans syn. Så ble han distrahert, og glemte spillet. En sommerfugl strøk vingen mot hans bryn!

 

 

Åh, for en dag å fange sommerfugler! Det vakreste av alt han hadde skapt. På marken lå Vårherres klinkekuler og følte seg alene og fortapt.

 

 

Omsider kom han trett, som alle poder, når det er kveld og leken har vært sen. Han lå på kne og samlet sine kloder. Da så han at han hadde mistet en.

 

 

“Den lille blå! Den minste av dem alle.” Han lette under gress og sten og hekk. “Og den som var så blank i solefallet!” Men mørket kom, og kulen den var vekk.

 

 

Det var vår egen Jord som var blitt borte, og marken lå der nattekald og våt. Og Gud gikk hjem og hutret i sin skjorte. Men jeg kan ikke huske om han gråt.

 

 

Og vi som av den lille jord en båren, og tror at intet teller uten den, vi får drømme at Han leter mer i morgen

………og håpe at Han finner oss igjen

 

 

Låtskrivere:
Erik Bye/Finn Ludt

 

 

 

#vårherresklinkekule
#erikbye
#finnludt
#vårklode
#littavhvert
#glasskule
#bilde
#hobbyfotograf

jantelova

 

TANKESPINN

 

Det er alltid noko med nokon.

Nokon som tråkkar over grenser, til stadigheit.

Grenser DU har satt. Grenser – moral – etikk – og DU har satt standarden.

Og kvifor det er akkurat DU som har rett, ja det veit ikkje eg.

Har EG rett? Er det EG gjer, feil?

Er mine og dine grenser like? Det er ikkje enkelt dette, med å ta hensyn til alle og ein kvar til ei kvar tid.

Er dette innafor, eller tråkkar eg rett i salaten?

Kven er det som har fasiten på rett og gale.

Det er lover for både det eine og det andre, og dei lovene brytast kvar ein dag.

 

Lover eg og du lagar – usynlege lover og reglar.

Er lover til for å brytast? Kven har banka lova inn som gjeldande?

Kvar går grensene? Kven har satt grensene?

Det er vel EG og DU som har laga grensene og fylgjer lover og reglar så godt vi kan. Lover og reglar – både gamle og nye.

Så brytast dei – og kven skal handheve dei lovene – seie at OK denne gongen går det greit, men neste….. for det gjentek seg og gjentek seg – grensene blir tynnare i kantane – slarkne – utvatna. Det er eg og du som tøyar grensene.

Grensene for kva som er greit. Det eg synes er greit, synes du er uforkasteleg, og omvendt. Det du synes er grei oppførsel, er for meg heilt bak mål.

 

Men kva skal ein gjere då? Når vi alle har forskjellige meiningar om kvar grensa går?

Jau, lover og reglar fortel oss kva vi skal gjere. Men kanskje er det på tide med NYE lover og reglar av og til. Nåkre lover burde strykast – andre fornyast.

Tru at du er noko……… det er farleg det.

Eg får vondt inn i hjarterota ved dei orda; tru at du er noko.

For du skal ikkje tru at du er NOKO i det heile tatt. Kven trur du at DU er som kan kome her og ta deg til rette?

Oppføre deg utan for normalen. Og kva er utanfor normalen?

Det er den normalen DU har satt – som du føler er rett for deg, men som kanskje ikkje er rett for meg.

Dei skråe blikka – kva trur du at du er – kom ikkje for nær.

 

  • Du skal ikke tro at du er noe.
  • Du skal ikke tro at du er like så meget som oss.
  • Du skal ikke tro du er klokere enn oss.
  • Du skal ikke innbille deg du er bedre enn oss.
  • Du skal ikke tro du vet mere enn oss.
  • Du skal ikke tro du er mere enn oss.
  • Du skal ikke tro at du duger til noe.
  • Du skal ikke le av oss.
  • Du skal ikke tro at noen bryr seg om deg.
  • Du skal ikke tro at du kan lære oss noe.

 

Det er farlig å kome å tru at ein kan lære nokon som har årevis med erfaring, noko.

Du, nyutdanna….kva trur du at du er? Ikkje sant??  Der har du den….. kva trur du at du er – kome her og lære MEG noko…….

Det er EG som skal lære DEG og ikkje noko anna.

Fornærming – autoritær kræsj.

 

Alder – er ikkje du vaksen då?

Tulle rundt slik?

Kva er vaksen og kva er å tulle rundt slik?

Kanskje det å tulle rundt slik er absolutt det å LEVE. Er det så farlig å leve då?

At eit lite feiltråkk som gjer at latterdøra sig opp eit hakk blir eit sjokk for nokon. Latter er farleg det. Flir ikkje.

Ta det som ein vaksen.

For vaksne ler sjeldent………….. vaksne skal ikkje ha det artig?

Jaja…. tankespinn om alt og lite……………

men det er slik at det eg meinar er bra, meinar du er svært lite bra og omvendt –

det er berre det at kunsten er vel å møtast på midten – møtast på halvvegen –

godta ulikheitene utan å døme nord og ned.

Det er så lett å rulle med augene og heve augnebryna og riste på haude. Vise avsky med heile kroppen. Alle og ein kvar ser ditt ansiktsuttrykk og di kroppshaldning. Det er vel det som er vanskelegast å skjule.

Augene fortel.

Mimikken fortel.

Orda fortel.

 

Og opp i alt skal DU stå oppreist – med heva haud og seie – EG TRUR AT EG ER NOKO.

 

 

 

 

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
01.08.19

 

 

 

#rullemedaugene #jantelova #meiningar #etdiktomdagen #blogg #tankespinn