klumpete og stor og lang..

 

Og i det du rundar hjørnet og ser garasja, synker hjarte fleire hakk
Brøytekanten ligg der og glisar mot deg
klumpete og stor og lang
Det svartnar ikkje, men du tenkjer at det snart er på tide det stoppar no
å lave ned…
Enten det eller så er det snøfresar next
Hadde det berre ikkje vore så morosamt å måke!
Var vel ikkje ironi der…
Ein får seg musklar av måking – nesten som ei gedigen treningsøkt
om ein har stort nok område å sprade over med måka
Jau, det er no like før naboen får tilbod om måking…
Men heldigvis; det vårast og sannsynlegheita for fleire brøytekantar og muligens musklar og måking hos naboen ligger lengre framme 😀

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#måke #tankerblirtilord #snøfresar #minedikt #etdiktomdagen #brøytekanten

12 kommentarer

Siste innlegg