båttur og uplanlagt besøk

Ut av skodda  –
Ålesund,  Trandal, forbi Viddal og inn til Leira –
med båt 🛥

 

Skodda letta heime før vi dro, og vi såg ikkje mange metera framom oss, når vi seig rundt Flø og sikta oss inn mot Ålesund
Men så skein det av 🌞

Ein nydeleg dag vart det
Litt impulsivt kvar vi havna
Men det vart vakre Hjørundfjorden – etter at vi hadde vore i Ålesund, rusla litt rundt, og kjøpt oss “Fish and chips”
ved Brosundet

Solbrente vart vi nok, sjølv om solkremen var på plass…
Ein slik båtdag følger med slikt
Bad vart det også – på Leira


Som å kome til Venezia ditte her 😃

 

 

Men fyrst var vi innom
Trandal


Vi ser opp mot Trandalshatten
og det er for tida berre ein draum, å kome opp der
For nåkre år sidan hadde eg glatt teke turen – men no må eg halde meg langs bakken
Kanskje ein dag… Det er ikkje umogleg – men ..
Slike turar – dei ligg tett til hjarte mitt – og vilja er der 🚶‍♀️‍➡️


Men det gjer no denne karen også, ligg tett til hjarte ❤️

 

I det vi er på veg ut frå Christian Gård –
driv ei dame og stemmar gitaren inne i konsert-delen

Det er sjølvaste Lizz
som skal ha ein konsert der om litt
Her er noko eg fant på youToube

Dei ventar eit fylgje på 60 gjestar – og vi må gjerne være igjen – men vi tek turen vidare inn i fjorden – mot Viddal, Leira og Bjørke

 

Viddal i sikte

 

Leira

Ein som ropte frå land – det var visst ein kollega av C som stod der med bobil 🙂
Vi slo av ein prat der –
imens eg sendte Connie/fruensvilje
melding om at vi var der, med båt, og om dei var heime
Fekk ikkje noko svar, så eg sa til C at eg tar like så godt eit bad her,
før vi snur snuten mot returen og kanskje innom Øye


brennmanet inne ved land….

🏊

Idet eg er klar til å hoppe i havet tikkar det inn svar frå Connie.
Dei er heime! KOM!
Så då klatrar eg ned stigen, legger av i det herlige vatnet/sjøen – som målte 17.5 grader
Åååå det var lekkert!

Så kom Connie oss i møte – og mannen kom syklande litt etter – og vi rusla til huset, drakk kaffe og åt is 🤩

Ei trivelig stund fekk vi  – før vi måtte snu snuten heimover
Og vi rakk akkurat inn døra heime då det kom ein liten regnskur
Svarte skyer jaga oss heilt frå Leira og heim, nesten

Ein god laurdag var det

 

T U S E N   T A K K

 

12 kommentarer

Siste innlegg