baktanke

 

pang
lufta for brått ut av ballongen i rekordfart
uforventa
eller var det det, uforventa
var det berre tida
det var venta kva tid som helst
utan at det var forventa
den pangen var tung
satt ut av spel
uforventa og nede for telling
finne gnisten igjen og la den brenne
svakt bluss
når det skjer så skjer det
uforventa eller ikkje
då er det tid for ettertanke, baktanke, framtanke eller sidetanke
nei berre tullar
men ein tanke blir det

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. november 2024

 

 

#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

6 kommentarer

Siste innlegg