Â
JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)
Â
Â
LUKE NR. 23
Â
Juleevangeliet
Â
Lukasevangeliet
Â
I dei dagane lèt keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda.
Dette var første gongen dei tok ut manntal,
og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.
Då fòr alle heim,
kvar til sin by,
og skulle skriva seg i manntalet.
OgsĂĄ Josef drog dĂĄ frĂĄ byen Nasaret i Galilea og opp til Judea,
til Davidsbyen,
som heiter Betlehem,
for han høyrde til Davids hus og ætt og skulle skriva seg der saman med Maria,
som var lova bort til han.
Ho venta dĂĄ barn.
Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,
og ho fekk son sin,
den førstefødde.
Ho sveipte han og la han i ei krubbe,
for det var ikkje husrom for dei.
Det var nokre gjetarar der i omrĂĄdet som var ute pĂĄ marka og heldt vakt
over flokken sin om natta.
Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei,
og Herrens herlegdom lyste kringom dei.
DĂĄ vart dei gripne av stor redsle.
Â
Men engelen sa til dei:
“Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede,
ei glede for heile folket:
I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by.
Han er Messias, Herren.
Og det skal de ha til teikn:
De skal finne eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.”
Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen;
dei lova Gud og song:
Â
“Ære vere Gud i det høgste,
og fred pĂĄ jorda
blant menneske Gud har glede i!”
Â
Â
Â
Â
Â
Â
#juleevangeliet #lukasevangeliet #ventetida #adventstid #julekalender #23desember #lillejulafta #adventskalender #lukenr23 #samlagetegmont #herborgkrĂĄkevik #snartjul