du kan ikkje klara alt…

 

 

DU KAN IKKJE KLARA ALT

Du kan ikkje klara alt
du som måtte gå alle omvegane,
alle ekstramila
Du kan ikkje klara alt

 

Du kan ikkje klara alt
du som måtte forsera
dei stupbratte fjella,
og vandra gjennom dei
endelause solmørke dalane,
med gnagande sko
og overfylt sekk
Du kan ikkje klara alt

 

Dei som kunne ta hovudvegen
kom fort fram,
men du
måtte bruka krefter
for eit heilt liv

 

Du klarar mykje,
men du klarar ikkje alt
Så sett deg her litt
og kvil deg til morgonen kjem
Når sola gryr går vi saman

 

Solveig Johanne Grønstøl

 

 

 

 

#dikt #solveigjohannegrønstøl #dukanikkjeklaraalt #littavhvert #omvegane #ekstramila #solmørkedalane #gnagandesko #kvildegtilmorgonenkjem

 

8 kommentarer

Siste innlegg