du står i det – inspirasjon

 

 

Til tider er det så mykje som skjer at du ikkje veit kva veg du skal snu hodet
Det tek nesten pusten frå deg, men du står i det
Det er slike dagar som er gull verdt også
Der du ikkje velger vekk noko, men står løpet ut
Fordi du veit at dagen, og dagen etter der også,
kan du ta det heilt med ro
Av og til, så er det slik, at ting skjer,
og du vil være med på det meste,
sjølv om du veit at akkurat det klarar du ikkje,
men du prøvar

Du klarar meir enn forventa, fordi du akkurat då klarar stå i det
Dagen din er god
Sjølv om det kostar, er vilja sterk
Så kan du tenkje:
klarar du det så klarar du vel det også
Vit at det kostar
Applauder meistringa
Meir er det ikkje med det
Gjensidig respekt og at ingen dag er lik

Det du kunne før, har blitt porsjonert ned
Ein dag kan du det og ein annan dag kan du noko anna
Andre dagar kan du ikkje anna enn å samle krefter
Det du kunne gjere på EIN dag før, har vorte oppdelte framtidige prosjekt-planar
Men det er godt det også, å ha planane
Ha draumane klare
Og når ein dag er å brenne bål, eller å ta ein kaffe/te og gode praten,
er det meir enn nok akkurat dèn dagen

Du vil alltid gape over for mykje
Så kjem den dagen du ikkje klarar gape høgt nok
Etter dagar og år, erfaringar, opp og nedturar – så veit du korleis å handtere det store gapet
Det fell meir naturlig å sortere ut
Det fell meir naturlig å takke nei
Det fell meir naturlig å vurdere
Det fell meir naturlig å akseptere
Det fell meir naturlig å seie at akkurat det klarar du ikkje lenger
Du tilpassar deg,
kvar einaste dag

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
15. januar 2025

 

Inspirert ut fra innlegg bloggeren Friluftstheidi hadde for tid tilbake
Diktet var i startfasa  –
også las eg innlegget til Friluftsheidi –
og vi var inne på det same – og då blei det som det blei her


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt #inspirasjon

6 kommentarer

    1. Du er et unikum når det gjelder å sette poetiske ord på disse utfordringene🙂Jeg satt og leste diktet ditt og nikket og kjente på de fine ordene, og så fant jeg på slutten ut at du hadde lenket til mitt innlegg🤩. Takk for det👍

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg