eg ser deg…

 

Når nokon ikkje bryr seg
så gjer det litt vondt
eller mykje vondt
Kanskje fordi
du bryr deg så mykje meir
og ynskjer det skulle
kome i retur

 

Ein kan ikkje returnere
det å bry seg
men ein kan gi det vidare
Eller kan ein returnere det?
Men ein kan vise medkjensle
vise det med eit blikk eller eit smil

 

Det å ikkje bry seg
eller føle at nokon ikkje bryr seg
det er ikkje godt
Og kanskje har den som ikkje bryr
seg det ikkje godt heller
Eller ikkje veit eller ikkje tenkjer over

 

Det er så mange ting
som spelar inn
og tankane dei går sine eigne baner
Men når nokon ikkje bryr seg
eller set spørsmål
då er dei likegyldige då..
Eller berre mangel på empati

 

Det er noko med det
å bry seg
å gi og motta eit smil eller eit nikk
Eg ser deg…
Ikkje noko meir trengs..
men eg ser deg…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

 

#egserdeg #minedikt #etdiktomdagen #dikt #tankerblirtilord #smil #bryseg #nårnokonikkjebryrseg #medkjensle

12 kommentarer

Siste innlegg