Julekalender i adventstida – 10. desember

 

JULEROSER
(2019 redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 10

 

Arve Tellefsens jul

Det blir helt absurd å samanlikne dagens julefeiring med slik det var i barndomen min.
Det er vanskeleg å fatte at det er snakk om det same landet, seier Arve Tellefsen

 

Då han var liten , levde han i ei fattig arbeidarklassefamilie i Kirkegata 5 i Trondheim, utan tilgang på musikkinstrument og med lite og enkel mat. Men med ei lysande enorm glede kvart år:
jula.
-Vi gleda oss heilt vilt til jula.
Eg trur jula var mykje viktigare for oss den gongen enn ho er for barn i dag, seier Tellefsen.
Kirkegata i Trondheim ligg mellom Bakklandet, Møllenberg og Rosenborg,
i det som den gongen var eit arbeidarstrok med trehus.
Faren var sjåfør for eit bakeri. Mora var vaskehjelp.
Familien budde i ein bakgård, på eitt rom med kjøkken og utedo.
Heile familien sov i stova.
Dei levde på eit eksistensminimum, men klarte seg.
Dei fekk ete seg mette, i det minste fekk barna det.

Mor mi song “O, bli hos meg” og det er kanskje derfor det er ein av dei vakraste songane eg veit om.

Under det vesle juletreet låg presangane.
Ikkje hundrevis av presangar, men tre til kvar.
Vi var fire i familien, så eg fekk tre gåver.
Sjølv ynskte eg meg alltid ein leikebil, men fekk som regel klede som klødde.

-Kvifor klødde alltid kleda før!

-Eg veit ikkje, men dei gjorde alltid det.
Eg hugsar eg gjekk heilt stivt dei første dagane med nye klede, fordi dei klødde så fælt.

Men du fekk ikkje ski og skøyter og slikt?

-Jo etter kvart gjorde eg det, men alltid brukte, sjølvsagt.
Skøytene var først slike meiar som vi festa under skoa, men då eg vart større, fekk eg panserskøyter, som vi kalla det, altså skikkelege skøyter med eigne sko.
Då vart eg Hjallis og gjekk med armane på ryggen.

 

Arve Tellefsen i samtale med Alfred Fidjestøl

 

 

Utdrag fra samtalen som er trykt i Juleroser 2019

 

 

 

#julekalender #adventskalender #lukenr10 #juleroser #samtale #ventetid #arvetellefsen #alfredfidjestøl #samlagetegmont #herborgkråkevik #advent #10desember

8 kommentarer
    1. kjenner meg igjen i noe her ,selv om vi fikk mye mye mindre av alt i forhold til i dag ,var den sitrande gleden og forventningen kjempestor da jeg var jentunge ,og jeg husker jeg fikk en pakke plastalina ,sånne tynne staver av hver farge ,ikke mye men du så kjekt og jeg formet og lagde figurer og hadde det så kjekt :=) heldigvis fikk ikke vi klær som klødde hi hi ,min mor er nemlig ikke tilhenger av ull :=) hun skjønner ikke vitsen med det

      1. Ja jeg husker også de små gavene som egenlig var veldig store den gangen. Jeg hadde “Ulldorre” utenpå strømpebuksa og innenfor “boblebuksa” for å holde meg varm når jeg var liten……….. hehehehehe

    2. Koselige minner for ham – og en tankevekker for oss andre…! Det er ikke nødvendig å bruke 1000vis av kroner på gaver til hver enkelt! Skulle ønske det var litt sånn som før, jeg! Andre forventninger – mer varme! Klem <3

    3. Små gaver kan bli store de! Husker godt et år jeg fikk en virklig flott gave! En rull med karameller!!!! Lykke! Koselig du deler. Klemsiklem:)

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg