JULEROSER
(2019 redaktør Herborg Kråkevik)
LUKE NR. 13
Aukrusts veg til kunsten
Å stå på Alvdal stasjon og sjå tog som kjem og går,
registrere kven som går av og på,
kjente og ukjente, undre seg over kva det er i dei store pakkane som blir lasta av,
prøve å få augekontakt med ei pen jente gjennom togvindauget,
sjå på skotuppane sine om ho stirer tilbake.
Det kunne ein “steiryss” fylle mange timar med i Alvdal på 30-talet.
Men ein dag står fjortenåringen Kjell der av ein annan grunn.
Far og mor er med, kanskje har nokre av kameratane møtt opp,
kanskje Simen og Bonden.
Kameratane skal sjå toget gå, mens Kjell og foreldra skal gå ombord.
Far, Lars O. Aukrust, er vald inn på Stortinget for Bondepartiet,
og den uregjerlege gutungen må følge med til sjølve hovudstaden.
Mor og far hadde lenge vore bekymra for kva det skulle bli til av den lite skuleflinke,
men idèrike guten dei hadde med seg.
Far hadde derfor lagt ein plan om at Kjell skulle bli bonde.
Den dagen faren trekte seg attende rå landbruksskule og politikk, skulle dei drive ein liten gard i lag.
Litt praktisk kunnskap kunne da være kjekt å ha med seg, og Kjell vart plassert på snikkarskule på Elvebakken.
Der møtte Kjell opp, liten av vekst og med feil klede, feil klassebakgrunn og feil dialekt.
Han blir dynka med lim og rulla i sagflis mens hånlatteren rungar.
Kjell gliser med, kva anna kan ein gjere?
Og så kan ein låse seg inn på dass og grine og fantasere om kva Simen og Bonden tar seg til akkurat no.
Da tar han sitt fremste våpen i bruk, blyanten.
På bordbitar tryllar han fram diverse kroppsdelar som gutar i den alderen er spesielt interesserte i.
Statusen veks i takt med storleiken på det han teiknar.
Men snikkar eller bonde vart han ikkje.
Målaren Henrik Sørensen kom på visitt til stortingsmann Aukrust som lobbyist for Statens kunstakademi.
Det kom fram at gutungen i huset ikkje gjorde anna enn å teikne, og Sørensen ville sjå.
Meisteren likte det han såg, og tok med Kjell i fargehandelen,
der det vart kjøpt inn staffeli og lerret.
Den iherdige kunstnarspira frå Alvdal greip dei nye verktøya og byrja på Leon Aurdals målarskule.
Da meister Sørensen såg utviklinga, trekte han opp eit kort og ein penn og skreiv:
Kjell Aukrust er eller skal bli maler –
Går på malerskole
Slipp ham inn!
Sigmund Løvåsen
(Utdrag fra historia i Juleroser)
#julekalender #lukenr13 #13desember #venteid #herborgkråkevik #adventskalender #ventetid #advent #samlagetegmont #sigmundløvåsen
Herlig! Og for en kunstner han blei