Julekalender i adventstida – 19. desember

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 19

 

Jul

 

Eg må mane fram spøkelset av meg sjølv som barn for å hugse julene som var.
Huset som foreldra mine bygde utan for den vesle byen Northfield i Minnesota, huset der dei budde i fire tiår, huset der søstrene mine og eg voks opp, vart selt etter at far døydde i februar 2004.
NĂĄr eg skriv dette, er mor nittiseks ĂĄr gamal, og ho steller ikkje til jul lenger, men da eg var ei lita jente, var ho jula si ĂĄnd.

 

Dei ti første åra sine budde ho i Mandal, og minna hennar frå dei første barneåra og dei lange julefeiringane gjennom dei mørke vinterdagane er varme og livaktige.
Ho ville at borne hennar skulle fĂĄ oppleve den same varmen.

 

Tida mellom første desember og tjuefjerde desember gjekk langsamt den gongen,
som om den usette guddommen hadde gjort tida lengre for at jula ikkje skulle kome for fort.
Ei etter i opna hemmelege dører på kalendrane seg.
Enorme tidsrom gjekk mellom søndagane da eit nytt adventslys vart tent.
Mor bakte julekaker – krumkake, fattigmann, sandkaker, julestjerner, peparkaker, serinakaker og delfiakake.
Ho pussa sølv og kopar og messing.
Ho pynta til jul.
Ho strauk dukar.
Ho gøymde gåver i eit skap vi ikkje fekk lov til å opne.

 

Dei tre søstrene mine og eg vart nesten sjuke av forventning til det vi jo kunne på rams.
Det var ikkje overrasking vi trådde etter, men nyoppføring.
Jul er og blir gjentaking i min familie, ei høgtid som vert verna svært nøye for at ho skal endre seg så lite som det står i  menneskeleg makt.
No er det heime hos meg i Brooklyn feiringa skjer, og jula kjem raskare pĂĄ meg for kvart ĂĄr.
Men i barndommen hadde tida ein annan rytme.

 

Ritual kan vere kvelande eller frigjerande.
Det mĂĄ finnast ein balanse mellom tryggleiken ved det kjende og spenninga ved det ukjende.
Den nordiske julefeiringa vart trass alt skapt av dei heidenske ritane som kom føre.
Eit kristent lag vart lagt på vintersolkverv, den årvisse vendinga frå mørke til lys.
Ă…rstidene gjentar seg.
Vi gjentar oss.
Som åra skiftar frå det eine til det andre, vert framande kjærestar.
Krinsen vert større.

Rørslene, orda og songane våre speglar rørslene,
orda og songane til dei som har døydd,
og til dei som var før,
borna vi var.
I julerituala dansar vi med spøkelsa våre.

 

Siri Hustvedt

 

 

Utdrag fra historie i Juleroser

 

 

 

#julekalender #samlagetegmont #herborgkrĂĄkevik #adventskalender #sirihustvedt #lukenr19 #advent #ventetid #19desember #adventstid #jul

2 kommentarer
    1. Ja, så sant. Vi glemmer nok ikke barndommen og det vi gledet oss over da. For da gikk tida mot julekveld så sakte. Jeg prøver å holde tiden litt igjen, men det går jo ikke. Ha en fin dag. Klemsiklem:)

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg