Julekalender i adventstida – 24. desember

 

JULEROSER
(redaktør Herborg Kråkevik)

 

 

LUKE NR. 24

 

Juleevangeliet

 

Matteusevangeliet

 

Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea,
i kong Herode`s dagar,
kom det nokre vismenn frĂĄ Austerland til Jerusalem og spurde:

“Kvar er den jødekongen som no er fødd?
Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi  komne og vil hylla han”.

Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.
Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket
og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.

“I Betlehem i Judea”, svara dei
“for slik står det skrive hos profeten:

Du Betlehem i Juda land,
blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.
For frĂĄ deg skal det koma ein fyrste,
ein hyrding for mitt folk Israel”.

Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.
SĂĄ sende han dei til Betlehem og sa:
“Gå og forhøyr dykk nøye om barnet.
Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det”

Då dei hadde høyrt kva Kongen hadde å seia, tok dei i veg.
Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fòr føre dei heilt til ho vart ståande over staden
der barnet var.
DĂĄ dei sĂĄg stjerna,
vart dei umĂĄteleg glade.
Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria.
Og dei fall pĂĄ kne og hylla det.
SĂĄ opna dei skrina sine og og bar fram gĂĄver til barnet:
gull, røykjelse og myrra.
Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje mĂĄtte fara attende til Herodes,
og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.

 

 

 

 

 

#juleevangeliet #matteusevangeliet #julekalender #24desember #herborgkrĂĄkevik #samlagetegmont #venteid #julafta #lukenr24 #adventstid #advent #ventetidaerover

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver pĂĄ nett.

Siste innlegg