kva veit vi

 

 

Så var påska over.
Stille og rolig kom den og for den.
Fire årstider var nok innom her.
Ingen skidag med kvikklunsj eller varm sjokolade.
Men mange timer med tv og serier.
Påska kom og gjekk like stille som ei god natts søvn.

 

“Men late som, det kunne nok gjerast”.
“Late som ein hadde det flott – med god mat og noko godt”.

 

For god mat og noko godt hadde nok dei fleste.
Det vi ikkje hadde, var det sosiale, og gode sammenkomster.
Men påska kom og påska for, med fire årstider og masse ro.
Kvardagen sklei så stille inn, ikkje noko er forandra her.
Dei fire årstider, nyheiter svirrer.
Kva skjer i verda – kva skjer her no?
Kan vi løyse opp eller stengje meir?

 

Påska kom og påska for.
Med mykje vind i går fra nord.
Kva skjer i verda – kva skjer her no?
Lite veit vi men mykje ser vi.
Heile verda – alt står litt stille.
Isolasjon og holde avstand – heltar og heltinner.
Kvardagen er her – verda er her – eg og du her – og dei fire årstider her.

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik

 

 

#minedikt #etdiktomdagen #kvaveitvi #fireårstider #heileverda #kvaskjer

10 kommentarer

Siste innlegg