kven er du

 

det delast i det uendelege
sårt og godt
glede og sorg
tips og spørsmål
svar og ettertanke

det delast i det uendelege
kven er du
kva får du med deg
kva er du interessert i
kva les du og ser du

heilt tomt
heilt stille
ikkje ein lyd
ikkje eit svar
ingenting

ikkje ein reaksjon på noko
kva er årsaka
kva vil du ha
kva er du ute etter
er du i det heile teke her

er det vits i å bruse med fjæra
er det vits i å seie noko som helst
er det vits i å påstå eller ymte frampå
er det vits i

kven er du
kva vil du
kva er du ute etter
kvifor er du her
kvifor er du ikkje her
kven
kva
kvifor

dei tusen spørsmål
og ingen svar
dei tusen gleder
og ingen respons
dei tusen sorger
ikkje noko smil
dei tusen på tusen
sukk
du blir aldri klok

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
8. november 2024

 

#tankeblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

10 kommentarer

Siste innlegg