langt inn i sjela

 

Du kjenner at du er deprimert, og det gjer vondt
Vondt langt inn i sjela
Du står bom fast og kjem ikkje av flekken
Har ikkje kjent det slik før
Så tungt
Tungsinnet…
Det hjelper ikkje å sparke i veggen eller rope det høgaste
Synkemyra er for sterk
Men det fins heldigvis hjelp
Profesjonell hjelp
Og det beste er når ein innser det sjølv
Og tek ansvar og startar prosessen
Det gagnar ingen å stå i myra
Det gjer vondt for dei rundt også
Så når ein ikkje klarar kampen lengre sjølv
Då er det godt å ta imot hjelp
Å innsjå eigne begrensingar og nedturar er fyrste steget mot ein betre kvardag
Det er berre det at det er så vanskeleg og tungt å innsjå det
Vil helst klare det sjølv
Som regel gjer ein det også
Men ikkje denne gongen
Så, ein ny start,
sjølv om det gnagar og kan kome tilbake
Du veit…

 

Mette Josteinsdatter Kvalsvik
8. august 2023

 

 


#tankerblirtilord #etdiktomdagen #minedikt

7 kommentarer

Siste innlegg