Det er ikkje alltid når ein ropar høgast, ein blir høyrd
Men det er det ein trur må til, rope høgt
Og folk tenkjer; slutt med den ropinga – er lei av maset ditt
Folket, som lyttar til alt og alle, slukar alt rått
Nei, dei gjer ikkje det
Dei, folket, tek til seg akkurat det som interesserar, og ferdig med det
Alt anna susar forbi
Dei lukkar øyrene for den høge lyden
Den stille stemma
Kva sa du
Høyrde ikkje
Dei lyttar, folket, til den stille stemma
Den som ikkje bærer langt, som dei må bruke energi på å få med seg
Dei, folket, anstrenger seg for å høyre på nokon som ikkje seier for mykje
Lyttar til det som ikkje verte sagt høgt, men som blir tolka mellom linjene
Den stille stemma fangar
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
22. februar 2025
#minedikt #tankerblirtilord #etdiktomdagen
Så sant så sant. Flott skrevet 😀😀
Takk for det 🥰
Det er mye sannhet i det. Av og til HØRER man de masete, høye stemmene også, men ikke med positivt fortegn. De stille stemmene derimot lytter man også etter innholdet i hva som blir sagt 🙂 Fordi det interesserer 🙂
Ja det er nok mye slik 🙂