mål – hundre… hundreogfemti…. tohundre

 

Målet
som vart satt for ei stund sidan
Jogge runda…
Har enno ikkje klart målet
Og det er ikkje sikkert eg klarar det
Men eg prøvar litt av og til, å jogge
Og eg tel – frå svingen startar eg, der over vegen frå Folkehøgskulen
Joggar hundre steg, så går eg
Joggar hundreogfemti steg, så går eg
Slik går det bortetter vegen
Heilt til eg økar til tohundre steg
En to tre fire fem osv
Og det går fint
Så er planen å øke desse tala – knyte dei saman – og kanskje blir det til ei runde til slutt
Eg likar faktisk å jogge, når eg føler for det
Det er god trim, i mitt hode

Og det er vel slik at ein skal gjere det ein føler seg komfortabel med
Ryggen likar det ikkje så godt, og ikkje høgre foten heller
Difor blir det ikkje ofte at denne økta gjennomførast
Men det skjer – og det er det som er det positive
Det skjer!

Og så må ein berre bite i det sure graset/eplet,
og tenkje at ein klarar det ein klarar?
Men, det som er sikkert er; eg fortsetter å gå, gå raskt, jogge og rusle, gå sakte, bevegelse
Det er viktig
Ikkje stoppe opp
Fortsette med det eg klarar
Og, det er lov å ha mål å strekke seg etter
Eg satsar på trening og aktivitet inne og ute
Fjellturar til våren og slikt ellers
Rett og slett ein så aktiv kvardag som overhodet  mogleg
Mestring!

Målet kan ligge der
Det er ikkje så farleg om det ikkje vart nådd i år
Sjølv om året ikkje er over enno, er det faktorar som tilseier at eg ikkje skal presse på
Eg må ta det med ro

Uansett, trening – det er viktig
Mål – det er også viktig
Og av og til kan MÅL være diffuse

Ein fot framom den andre, er også eit mål

Det er det med å
STÅ PÅ
og ikkje gi opp

Ein dag har eg nok klart heile runda!

4 kommentarer

    1. Ja, det viktigste er å sette seg mål og ikke fortvile om man ikke fikser det. Da har man i hvert fall forsøkt. Jeg elsket å jogge før, men nå gjør jeg det lite. Kroppen liker det ikke lenger. Men ut går jeg og av og til blir det som du med noen skritt, litt jogging og litt gåing igjen. Klemsiklem:)

    Legg igjen en kommentar

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg