Eg ser ut og ser glimt av fortida.
Skyene, dei minte meg på då eg var lita.
Slikt disigt ver – kaldt men fint.
Vinteren var over og vi kjente at våren var på veg.
Finne vennane eller være aleine.
Ut i litt lettare kle.
Lettare sko og ei tynnare jakke.
Det rare med å gå på bar bakke.
Ikkje eit kvitt teppe lenger.
Ikkje frost i marka.
Lukta av vår.
Fuglane som kvitra, berre lukte på lufta.
Alt som skulle skje no.
Berre glede av å kjenne seg litt friare.
Lettare sko og tynnare jakke.
Kanskje gjere noko artig at med vennane mine.
Kle oss ut – finne klær i skapet til mor.
Vi gjorde det, då eg var lita.
Leika ute både tidleg og seint.
Mange i lag, to i lag eller berre aleine.
Lettare sko og ei tynnare jakke.
Kanskje ei lue eller ein caps eller eit trekanttørkle knytt under haka.
Ute luktar det vår og eg hugsar den følelsen.
Våren som kom med lovnad om varmare tider.
Sykkelen kom ut og berre våren var i evigheit.
Det er gode minner plukka ned frå ei sky.
Mette Josteinsdatter Kvalsvik
#minedikt #etdiktomdagen #minner #minneromvåren #plukkanedfråeisky #minebilder
Herlige ord! Vår er fantastisk hvert år. I formiddag skal jeg plukke hvitveis!!! Klemsiklem
Ønsker deg en fin dag ute på din ferd for å plukke hvitveis <3 klemsiklem
Ååå ♥ Det gledes ♥
:-D!!
Vakre flotte håpetanker farget av herlige minner <3 Flinke du.. gode vårtanker og klem
Tusen takk Dedicat!
Nydelig dikt og flott bilde!
God helg Mette
<3
Tusen takk <3
Gode minner i varme ord!
takk……
Tusen takk <3